Faksimile: I eit intervju med Budstikkas helgemagasin i 2006 fortel Odd Øie at han har nok pengar og ikkje treng meir. Då var formuen hans 17 mill. kroner. No er han god for over 400 millionar.

«Ein idealist med stort hjarte for småaviser»

Då Odd Øie kontakta meg i 2013 for å kjøpa ein del av Laila og mine aksjar i Os og Fusaposten AS, selde han seg inn som ein slags idealist med stort hjarte for småaviser.

Eg fekk tilsendt eit seks siders intervju med han i Budstikka Pluss frå 2006.

I den medfølgjande e-posten skreiv Øie at etter at redaktør og tilsette i Saltenposten hadde lese intervjuet, «ble vi ønsket fremfor konsern, og avisen har gått med Helgelands Blad og meg med ca. 200 lokale småaksjonærer.»

Artikkelen held fram under annonsen.

Intervjuet fortel om ein kar som hadde jobba seg opp frå svært enkle kår. No var han distribusjonssjef i Budstikka. Men hovud-grunnen til at Øie vart portrettert i lokalavisa var at han hadde gjort det svært godt med kjøp og sal av aksjar, særleg avisaksjar.

Ein idealist?: Folk som seier dei er idealistar, er gjerne ikkje det, skriv Christian Fr. Stabell om Odd Øie i dette lesarbrevet.

Grådig praktisk

Øie hadde tidlegare ei rekkje aksjar i Aftenposten, BT, Adresseavisen og Stavanger Aftenblad (for 100 mill. kroner berre i dei tre siste). I 2006 var det planar om å slå dei saman i eit felles selskap (Media Norge).

Men Øie kunne velta planane.

«Jeg har ikke bestemt meg ennå. Jeg ser selvfølgelig at det kan oppnås økonomisk gevinst, såkalte synergier, av en slik sammen-slåing, men er det til beste for lokalsamfunnene? Jeg er ikke så sikker på det.»

Han sa vidare: «Jeg har så jeg klarer meg, jeg trenger ikke flere penger, derfor kan jeg stille slike spørsmål.»

Det er «slike uttalelser (som) får folk med inngrodd motvilje mot markedsmonopol til å selge aksjene sine til Odd R. Øie isteden.» Og «det er jo grådig praktisk?» spør intervjuaren.

«– For meg er det like viktig å tenke hva som er riktig som hva som er mest lønnsomt. Ja, jeg er nok litt idealist, og ganske sta, parerer han.»

Han fortel at han alltid har levd veldig nøkternt. Og Gunnar Flikke, sjefredaktør i Adresseavisen, fortel at Øie «har mange penger, men er ingen pengemann, han er en avismann som kjemper for de små avisene, fordi han liker det og det de betyr i lokalmiljøene.»

Artikkelen held fram under annonsen.

Nye krefter

Øie hadde meiningar og haldningar som appellerte til meg.

I 2014 hadde eg fylt 67 år og var klar for å bli pensjonist, etter å ha vore redaktør på Os i 41 år. Laila og eg eigde då 23 % av aksjane, men ynskte at nye krefter overtok.

Me valde til slutt å selja til Bladet Sunnhordland og Øie, med 10,5 % av aksjane til kvar.

Eg meiner framleis at Sunnhordland var eit godt val.

Øie begynte forsiktig, med å be om at fire av dei 65 aksjane han kjøpte vart ført på borna Vidar og Kari Øie Nilsen.

Året etter kjøpte Amble Investment AS, som han eig 99,99 % av (borna eig resten), ca. 60 aksjar frå lokale aksjonærar. Eg reagerte ikkje på det då, og tenkte at vedtektene, som seier at ingen enkelt aksjonær kan røysta for meir enn 10 % eller eiga meir enn 20 %, sikra at lokalavisa framleis ville ha i hovudsak spreidd og lokal eigarskap.

Inn i styret

Både Øie sjølv og Reidar Hystad frå Sunnhordland fekk styreplass.

Eg føreslo dei to for valnemnda. Dei var no dei to største aksjonærane, og eg meinte at begge kunne bidra reint avisfagleg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Øie fekk Elisabeth Netland, tidlegare redaktør i Vestnytt, inn som styreleiar. Dåverande styreleiar var blitt kommunalsjef, og dei to nye styremedlemene meinte at det var uheldig om han då heldt fram i vervet. Og det kunne vera eit pluss med ein styreleiar som hadde journalistisk erfaring.

Ja, kanskje det? tenkte eg. Elisabeth hadde eg kjent gjennom mange år som ein flink redaktør og hyggjeleg kollega.

Styreproff

Det eg ikkje hadde sett føre meg var at Elisabeth vart så til dei grader Odd Øies representant. Seinare har eg sett at dei sit i ikkje mindre enn sju avisstyre saman – frå Sør-Varanger Avis i Kirkenes i nord til Eidsvolds Blad i sør.

Ho må reknast som proff med så mange verv. Men etter at ho overtok har det vore meir eller mindre kaos på kvart einaste års-møte. Sjølv enkle ting som å syta for skikkeleg innkalling og ei brukande sakliste har ho ikkje hatt kontroll på.

Den lokale representanten

Egil Haugland har sidan 2015 vore den einaste lokale represen-tanten av dei aksjonærvalde styremedlemene. I fjor sa han frå seg attval til styret, etter å ha vore med sidan 2009.

Valnemnda føreslo då ein lokal kvinneleg næringslivsleiar.

Men ein time eller to før årsmøtet fekk ho ein telefon om at ho ikkje trong å møta. For Øie ville stille benkeforslag om at Haugland skulle halda fram i endå to år.

No forstår eg kvifor. Haugland er blitt like lojal overfor Odd Øie som Elisabeth har vore heile tida.

Artikkelen held fram under annonsen.

Årsmøtet 2020

Styret ville først ha årsmøte utan å invitera aksjonærane.

Men 20. mai – etter fleire protestar – snur styret, og kallar inn til årsmøte i Vognhallen 28. mai.

Denne kvelden, der styret ikkje ein gong har klart å setja opp ei skikkeleg sakliste, endar med at årsmøtet vert avlyst.

Ny innkalling vert sendt ut 29. mai: Det blir årsmøte i Nore Neset aktivitetshus tysdag 30. juni.

Til årsmøtet 28. mai hadde småaksjonærane mobilisert såpass at me truleg kunne ha skifta ut t.d. styreleiaren.

Eg seier truleg, for det var Netland og Øie som tok i mot aksjonærane og kryssa av på aksjonærlista kor mange fullmakter dei hadde med seg. Me bad om ein kopi av lista. Men det nekta Øie. Eg har bede om kopi i ettertid, sendt purring òg, men ikkje fått svar.

«Inntil 50 aksjar»

Men Odd Øie har jo lista og ser kva som er i ferd med å skje.

Onsdag 3. juni sender sonen, Vidar Øie Nilsen, brev til aksjonær-ane. Han vil kjøpa «inntil 50 aksjar for kr 11.568 per aksje» – eit skambod, godt under formuesverdien.

Artikkelen held fram under annonsen.

Når Laila og eg får vita dette, sender me e-post til så mange me rekk. Me oppmodar folk om å ikkje selja. Om dei vil selja, så byr me kr 15.567 per aksje. Dette tilsvarer formuesverdien i selskapet.

Vidar Øie Nilsen går så opp i kr 15.000 per aksje.

Men responsen er ikkje overveldande, for laurdag 6. juni kl. 12.34 byr han i ein e-post kr 21.000 per aksje. Svarfrist: Måndag 8. juni kl. 10. Folk har under 46 timar på å bestemma seg.

Velta han fusjonen?

Tilbake til Odd Øie og aksjane han hadde i BT, Adresseavisen og Stavanger Aftenblad. Vart han sitjande på aksjane? Velta han fusjonen til «beste for lokalsamfunnene»?

Nei, han selde. Med svært god forteneste.

I oppslaget i Budstikka frå 2006 hadde dei også med skattetal for 2005. Dei viste at Øie hadde netto formue på 17,7 mill. kroner, netto inntekt på 12,4 mill. og skatt på 3,7 mill.

No 15 år seinare er formuen på godt over 400 mill.

Eg lét meg dupera i 2013 og 2014. No er eg blitt klokare.

Artikkelen held fram under annonsen.

Folk som kallar seg idealistar er ofte ikkje det.

Christian Fr. Stabell