Sikra verdiane: – Vi meiner det må ha verde for dagens politikare å sikre verdiane og legge til rette for vidare bruk av Fjellheim.

Ein må få på bordet den reelle summen for ei naudsynt oppgradering

Det er ikkje god politikk for ein kommune som skal setta eksempel, å riva eit bygg som er brukbart.

Os & Fusaposten tar i fredagsavisa opp konklusjonen i sak om Fjellheim. Foreininga «Bevar Fjellheim» meiner det er fleire moment som bør vera med i saksutgreiinga før ein konkluderer. Her er foreningen sine merknader.

Innbyggarane i Bjørnafjorden kommune er kjende med at det er ein vanskeleg økonomisk situasjon i kommunen. Vi er likevel overraska over kommunedirektøren sin konklusjon i saka om riving av Fjellheim. Dette på bakgrunn av at den politiske fleirtalskoalisjonen har gått til val på bevaring av Fjellheim.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kostnadsberekning og standard

Når det gjeld økonomi syner kommunedirektøren til Rambølrapporten med summen 25,4 millionar for å få bygningen i forskriftsmessig stand. Det er ein høg kostnad basert på ein fullstendig rehabilitering med TEK 17 standard. Ingen av dei tekniske anlegga er undersøkt eller vurdert i rapportane tilstandsrapporten og Rambølrapporten, som har vore bestilt av Os kommune.

Siste rehabilitering av Fjellheim var på første halvdelen av 90-talet, og følgeleg var det ca. 15 år frå den siste oppgraderinga til bygget vart stengt i 2011. Vedlikehaldet i den perioden var godt, så kvifor det har vore naudsynt å snakka ned bygget og halda det stengt for bruk, har ein aldri fått svar på.

Bygget kan takast i bruk med ein fornuftig bruksstandard. Vi ber difor om at det vert kostnadsberekna kva dei branntekniske krava vil utgjere, samt ein gjennomgang av det elektriske anlegget med ei eventuell utbetring. Ei kostnadsberekning for ei oppgradering som gjer at bygget får ein forsvarleg personsikring. Det er å forvente at ein slik sum er kjend før ein konkluderer på dei ulike alternativa som ligg i saksutgreiinga.

CO 2 rekneskap

I saksutgreiinga er det synt til konklusjonane i den ferske SINTEF-rapporten frå riksantikvaren. Det er ikkje god politikk for ein kommune som skal setta eksempel, å riva eit bygg som er brukbart. Kostnadene med riving og kjeldesortering av rivingsmaterialar er heller ikkje tatt med i denne saka. Ut frå tidlegare stipulert kostnad til dette, ville ein ha kome langt med oppgradering av bygget for den summen.

Tilgang

Om ein ikkje nyttar siste krav til byggstandard har bygget universell tilgang gjennom dobbeldørene i salen og storleik på toalett i første høgda.

Arkitektur og identitet

Det er framleis viktig å løfta fram dei arkitektoniske kvalitetane i bygget både med tanke på utforming og arkitekturhistorie. Fjellheim som nyare tids kulturminne er grunngjeve både ut frå arkitektur, lagshistorie og krigshistorie. Bygget som identitetsmarkør og den sosiale og kulturelle verdien til forsamlingshuset er godt omtala i vedlegget med kulturminnefagleg vurdering. Også i dag kan bygget vera ein infrastruktur for fellesskap. Det er mogleg å etablera ei driftsstifting for framtidig drift.

Plangrunnlag

I saksutgreiinga går det fram at det i grunnlaget for sektorplan for kultur, idrett og friluftsliv skal kulturbygg kartleggjast og vurderast ut frå behov i dag og i tida som kjem. Det er naturleg å vurdera bruk av Fjellheim i den samanhengen, og ikkje trekka konklusjon før det arbeidet er gjort. Vi veit om venta folkeauke i kommunen, og den geografiske plasseringa av Fjellheim er ideell som samfunnshus.

Tidspunkt for vedtak

Vi meiner at det er fleire faktorar som er peika på i dette notatet som gjer at saka bør utsettast.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fremst at ein får på bordet den reelle summen for ein naudsynt oppgradering slik at bygget får ein forsvarleg personsikring. Det som eit grunnlag for vurdering.

Planarbeidet som ein startar no med vurdering av samfunnshus/kulturhus.

Oversikt over eventuelle rivingskostnader.

Den komande budsjettprosessen.

Vi meiner det må ha verde for dagens politikare å sikre verdiane og legge til rette for vidare bruk av Fjellheim.

Foreininga «Bevar Fjellheim»