Enklare: Vegen som no er opna, har gjort kvardagen betre og enklare for mange.

Ein ny kvardag på nyevegen og gamlevegen

No går det vegen! Og i framtida kan vi få endå smartare transport.

For ei veke det har vore!

Fantastiske dagar i susande fart på nyevegen til byen. Fred og stille ved gamlevegen. Bilistar som kjem dit dei skal, utan omveg og utan å køyra i vegen for kvarandre.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hurra!

Les også
Her ringer Kelly Iversen til Vegtrafikksentralen for å be dei opna vegen
Les også
Ei heilt ny verd for Jorgine Alyxandra og resten av elevane ved barneskulen

Vi i Bjørnafjorden MDG er veldig glade for at på Søfteland har ungane fått tryggare skuleveg. Ein kan høyra kva som blir sagt sjølv om ein har vindauget ope, og lufta er friskare.

Vegen som no er opna, har gjort kvardagen betre og enklare for mange. Åsane fekk sin veg for fleire tiår sidan, medan vi har kjørt rally i sneglefart over Vallaheiane fram til forrige veke. Vi har vore tålmodige, og no er det endeleg vår tur til å få litt fart i sakene.

Samstundes er den nye vegen bygd etter eit gamalt tankesett, der privatbilen er det viktigaste transportmiddelet og alle planar er utforma på dei premissane. Høge fartsgrenser gjev meir partikkelforureining, auka drivstofforbruk og større risiko for både sjåførar og forvirra hjort.

Skyss melder om at dei ikkje kan konkurrera med privatbilar i tidsbruk. Og er det fleire enn éin i bilen, er det ikkje sikkert det svarar seg økonomisk å køyra kollektivt heller.

For å få ned klimagassutsleppa er vi nøydde for å laga stukturar som gjer at det alltid er enklast og billegast å velja fellesskapsløsingane. Færre folk må sitja i kvar sin bil og lage kork på Danmarksplass. Vi må bruka mindre areal til asfalt og parkeringsplassar, og meir til grønt. Fotgjengarar, syklistar og kollektivreisande må få prioritet.

For komande vegprosjekt må ein bruka mindre areal, og i hovudsak satsa på opprusting og trygging av eksisterande veg framfor nybygging. Samt at syklistar og fotgjengarar må vera minst like viktige i planlegginga som dei trafikantane med motor.

For framtida finst det gode grep ein kan ta for at også den nye vegen vi no har fått kan bli ein del av klimaløysinga og ikkje ein del av klimaproblemet. Trafikken inn til Bergen sentrum må ikkje opp, men ned. Med kollektivfelt frå Fjøsanger vil bussen koma mykje fortare fram enn all anna trafikk. Vi må ha mange fleire bussavgangar på nyevegen, så vi ikkje får busspassasjerar ståande i 100-sonen. Billettprisane må ned, særleg på periodekort, slik at fleire vel kollektivt kvar einaste dag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det aller viktigaste enkelttiltaket vi kan gjera for å ikkje få meir kork i Bergen i framtida, og meir naturøydelegging og klimautslepp - det er eit tiltak som vil spara skattebetalarane for milliardar på milliardar - la vera å bygge motorveg over Bjørnafjorden.

Miljøpartiet Dei Grøne

Bjørnafjorden