Prioritering: - Eg synest vi har evna å prioritera tenesteproduksjon og heller stilla krav til effektivisering innan administrasjonen.

Eit budsjett der vi seier ja til dei som treng oss mest

Eg er stolt over å vera med og leggja fram framlegg til budsjett for 2021 på vegner av KrF, saman med samarbeidspartia Sp, Ap og MDG.

Det har vore ein krevjande prosess å laga budsjett denne gongen, då det har vore krav om store kostnadsreduksjonar. Eg synest likevel at vi har evna å prioritera tenesteproduksjon og heller stilla krav til effektivisering innan administrasjonen.

Det som eg vil trekkja fram på vegner av KrF er følgjande:

Artikkelen held fram under annonsen.

- Styrking av ASVO-arbeidsplassar

- Opprettahalda tryggleikssjukepleiar

- Oppretthalda diagnosespesifikke stillingar (diabetes, kreft og kols)

- Gjennomføra forsøk med fritidskortet

- Auke i stønad til kyrkja (drift av kyrkjegardar)

- Framleis stønad til skyss til skulegudsteneste

- Tydelig satsing på trafikktryggleik omkring i kommunenn

Når det gjeld Fritidskortet, er KrF oppteken av at kommunen i 2021 søkjer på prøveordninga. På den måten får ein friske pengar som vil å vera med og sikra inntekter til frivillige lag og organisasjonar som legg til rette for aktivitetar for born og ungdom.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bjarte Samnøy

Gruppeleiar KrF