Høyrer heime: Vi synest levande kultur og litteratur høyrer heime òg lengst vekk frå byar og sentrale strøk.

Eit kinderegg av eit kulturtilbod

Bjørnafjorden Senterparti ber Vestland Senterparti finna midlar til framleis å halda Bokbåten Epos i drift.

Vestland fylkesting skal 9. juni avgjera om bokbåten Epos skal halda fram som bokbåt eller om tenesta skal leggjast ned.

Det er harde tider, det er lite pengar, men det er over 6.000 born i heile Vestland fylke som ikkje vil få eit levande kulturtilbod og profesjonell litteraturformidling i ei boksamling som er langt større enn eit lite skulebibliotek.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Massiv hjelp i kampen for å behalda bokbåten som kulturformidlar

Desse borna får i liten grad gleda av at pengane fylkeskommunen sparer blir brukt på e-bøker og bokbussar. Dei bur på øyer i Austevoll og Solund, inne i grender i Strandvik og Baldersheim som ikkje har eit bibliotektilbod på linje med ungar i Bergen, på Stord eller i Førde. Det er dei som har lite som mistar det dei har, medan sentrale strøk får meir.

Bjørnafjorden Senterparti meiner bokbåten Epos skal få halda fram med å gi eit tilbod til heile Vestland fylke. Vi synest levande kultur og litteratur høyrer heime òg lengst vekk frå byar og sentrale strøk.

Viktig kulturarv

Elevane er veldig glade i dette tilbodet. Elevane synest det er for gale om ikkje Epos lenger kan besøka grendene i Bjørnafjorden kommune.

Les også
Vinnes-elevar seier frå: Nektar å godta at bokbåt-tilbodet skal opphøyra

Det er langt inn til biblioteket i Eikelandsosen. I tillegg er det jo ein stor kulturarv dette. Bokbåt-tilbodet er einaste av slaget sitt i Noreg.

Dramatisk også for Vinnes skyssbåt service AS som er eigaren av Epos-båten med dagleg leiar busett på Vinnes i Bjørnafjorden kommune, Svein Ivar Vinnes. Det ville vera veldig leit om tilbodet skulla opphøyra.

Bjørnafjorden Sp