Kommunalt ansvar: Det har vore eit kommunalt ansvar å sikra Håkastovo.

Eit kulturminne blir borte

Dette kulturminnet fekk større skadar dette eine året enn under dei femti føregåande.

Den gamle 1700-tals røykstova frå Nordstrøno var ført opp som ein av dei verneverdige bygningane i dåverande Os kommune i 1970, i eit samarbeid mellom kommunen og Os Museumslag – eit lag av frivillige historievener, som Os Sogelag i dag.

Bygningen vart teken ned i 1970, med tanke på eit historisk tun, men stovetømmeret vart liggjande og har blitt teke vare på av kommunen gjennom 50 år, flytt frå løe til løe.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det har vore eit kommunalt ansvar å sikra dette kulturminnet, og i 2018 vart tømmeret teke ut frå løa til Tore Øvreeide og lagra fram til hausten 2019 i Kolskogen, under dårlege presenningar, slik at det fekk større skadar dette eine året enn under dei femti føregåande.

Stor dugnadsinnsats

Med stor dugnadsinnsats tok Stiftinga Lyngheim og Os Sogelag på seg oppgåva – etter oppmoding frå kommunen – å renovera den antikvariske bygningen. Og med velvilje frå Mons Tore Lyssand vart tømmeret mellomlagra, tørka og prøvemontert i ein av fabrikkhallane på Lyssand, før det vart lagra i påvente av oppføring i det historiske tunet på Lyngheim.

Som fylkeskonservator vart eg i 1970 beden av Os kommune om å bidra med ein fotodokumentasjon av denne bygningen under nedtakinga ved byggmeister Peder Skorpen. Dette vart gjort, og denne rapporten er oversend kommunen, med verneverdien og historikken for bygningen. Litt tilfeldig har bygningen fått namnet Håkastovo, etter eigaren av bruket frå 1885-1900, Håkon Steine frå Kvam.

Av kjeldene ser vi at denne garden i Nordstrøno på 1600-talet, har vore ein av dei gode gardane i Os. Namnet Strøno er av same rot som Stryn, og dette er eit namn som har med vinning å gjera; rike fiskeplassar og godt med vilt, i tillegg til jordbruket. Dei skogrike øyane ut mot Bjørnafjorden er eit landskap med gode ressursar.

I 1629 overtok den danske futen for Lyseklostergodset, Albert Berner, denne garden. Ove Jenssøn, som også var frå Danmark, overtok garden i 1646. Han var gift med søster til Albert Berner, og Ove Jenssøn vart seinare rådmann og borgarmeister i Bergen. Han vart ein rik mann og åtte hus i Bergen og mange gardpartar i kringliggjande bygder, som Fjøsanger i Fana og Åstveit i Åsane.

Blir borte: Vi kan berre konstatera at eit verdfullt kulturminne blir borte – ein del av den store historia om det norske folks hus og heim gjennom hundreåra.

Det norske bustadhuset

Den som overtok garden i 1711, var Mikkjel Kristofferson Godøy frå Tysnes. Han dreiv med jektefart og fiske og var ein velhalden mann, og han har nok hatt økonomi til å setja opp ei ny stove på garden. Det er derfor gode grunnar som talar for at stova er sett opp i byrjinga av 1700-talet. Mikkjel Godøy hadde partar i fleire gardar i Os og på Tysnes, og i skiftet etter han er det rekna opp verdfulle sølvsaker.

Les også
Har store skadar etter 50 års lagring: Seier nei til å auka tilskot for å gjenreisa historisk stove

Av fotodokumentasjonen går det fram at denne bygningen hadde eit skot eller inngang i stavkonstruksjon framfor den tømra bygningen, med ovaltelgd tømmer som vi finn på 1600- og 1700-talet. I taket var det ein firkanta ljore for å sleppa ut røyken frå den opne åren eller røykomnen. Det er denne bygningstypen som er det norske bustadhuset gjennom 500 år, heilt frå mellomalderen til 1800-talet.

Då overtar lemstovene, slik vi kan sjå på Lyngheim, med jernomn og pipe over taket, og sovestad på lemmen. Mange av røykstovene blir ombygde og sette saman med eldhus, bu og bualoft, og svaler og skutar kring dei tømra romma. Og då er vi oppe i vår tid. Dagens bustadhus, bygde av «two-by-four», 2 toms x 4 stenderverk (i dag 2 toms x 6) – ein teknikk importert frå USA – med isolasjon i reisverket, er funksjonelt sett ei vidareføring av denne byggeskikken.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Har vore lagra i over 40 år. Torsdag vart delane til Håkastovo frakta til Lyngheim for gjenoppbygging

Kurs i antikvarisk bygningstømring

Røykstova frå Nordstrøno vart planlagd gjenreist på Lyngheim, med utskifting av alle skadde stokkar og sperrer – ut frå same prinsipp som i fartøyvernet: Dårleg tømmer blir skifta ut med nytt, i same form.

Tanken var å organisera dette som eit kurs i antikvarisk bygningstømring, som eit tilbod til dagens byggefirma, for å byggja opp kompetanse i restaurering. Då ville det også vera mogeleg å henta inn statstilskot frå Statens Kulturminnefond. Til meir tømmer som må skiftast, til større verdi vil sjølvsagt kurset få som praktisk læring.

I januar 2021 var alt nøye planlagt for å gjennomføra denne modellen, som Stiftinga Lyngheim og Os Sogelag tilrådde. Nytt furutømmer vart gjort klart for felling i februar og skulle då grovhoggast og liggja til tørk eit halvt år, før det vart finhogd på Lyngheim for å erstatta det skadde tømmeret – som eit lærerikt kurs. Konteinarane med tømmeret frå Håkastovo vart så flytte til Lyngheim.

No er prosjektet kostnadsrekna utan dugnadsinnsats, med røynde fagfolk som gjennomfører arbeidet, etter Riksantikvarens standard. Dette er bakgrunnen for at kostnadsramma har auka så mykje, og dette vart grunnlag for eit vedtak om at det blir for dyrt å gjenreisa stova.

Bjørnafjorden kommune har lagt opp til ei kommunal finansiering, utan statstilskot, og vel såleis å ikkje gå vidare med prosjektet. Dermed går bygda glipp av ein bygning som ville vera eit fint tilskot til det historiske tunet på Lyngheim, der stiftinga har teke på seg ansvaret for framtidig drift.

Bra for omdømme

Vi kan berre konstatera at eit verdfullt kulturminne blir borte – ein del av den store historia om det norske folks hus og heim gjennom hundreåra.

Tanken var at ein treskoverkstad kunne få plass i skotet framfor stova, slik det var på mange gardar. På slutten av 1800-talet vart det produsert over 80.000 par tresko årleg i gamle Ous kommune.

Før oljealderen var handverket viktig i fjordbygdene – båtbygging, tønnemaking, treskomaking, veving og rosemåling. Og dersom finansieringa let seg løysa, er det enno ikkje for seint å realisera prosjektet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det ville vera bra for kommunen sitt omdømme.

Nils Georg Brekke