Ikkje for alltid: Vi må hugse at kamper vi har vunne, ikkje er vunne for alltid, påpeikar Raudt.

Eit rettvist arbeidsliv for alle!

Vanlegvis skulle vi vore ute og markert Arbeidaranes dag 1. mai, men også i år gjer pandemien at vi ikkje kan gå i tog eller halde appellar. Det betyr ikkje at vi skal gløyme våre kampsaker. Tvert imot!

Kampen mot forskjells- Noreg og kampen for eit rettvist arbeidsliv er hovudsaker for Raudt.

Rettar i arbeidslivet har blitt kjempa fram av ei samla fagrørsle. Samstundes blir desse rettane pressa frå fleire hald. Eksempelvis har bemanningsbransjen fått gode vekstvilkår under ei blåblå regjering. Ein bemanningsbransje som er med på å pulverisere arbeidsgjeveransvaret, og fører til ei synkande organiseringsgrad.

Artikkelen held fram under annonsen.

Noko av det viktigaste arbeidarrørsla har vist oss er at det er heilt naudsynt å stå samla bak krava. Vi må hugse at kamper vi har vunne, ikkje er vunne for alltid.

Derfor seier Raudt nei til bemanningsbransjen og ja til meir fradrag på fagforeiningskontingentar.

Samstundes ser vi at kvinner framleis tener mindre enn mannlige kollegaer. Fleire yrke der kvinner arbeider, er lågtløna og mange har ufrivillig låge stillingsprosentar. Eit tiltak for å bekjempe dette er innføringa av sekstimarsdagen. Sekstimarsdagen representerer meir enn berre ein kortare arbeidsdag. Det er også ei miljøreform og velferdsreform.

Vil ikkje angre: Etter eit langt arbeidsliv, er det få som vil seie dei angra på at dei ikkje var meir på jobb, skriv Jon Peder Grønsveen Opsahl og Helga Holmefjord.

Sekstimarsdagen vil gje fleire ei løn dei kan leve av. Arbeidspresset i mange yrke er for stort, noko som gjer folk utslitne, og i verste fall ufør gjennom eit langt og tungt arbeidsliv. Det vil vere mogleg for dei som i dag ikkje får høgare stillingar, eller ikkje orkar å jobbe meir, å få full lønn. Vidare kan fleire bli økonomisk sjølvstendige og vi får eit meir inkluderande arbeidsliv. Difor jobbar også fleire av forbunda innafor LO for innføring av sekstimarsdagen.

Eit redusert forbruk er avgjerande for å redde miljøet. Ein måte vi kan gjere dette på er å byte framtidig lønsvekst mot meir fritid i staden for. Sist dette skjedde var i 2000, så tida er moden for at det skal skje igjen. Etter eit langt arbeidsliv, er det få som vil seie dei angra på at dei ikkje var meir på jobb.

Men vil ikkje ei redusert arbeidstid gå ut over velferda for både familiar og for samfunnet generelt? Tal frå Finansdepartementet viser at ein vanleg familie vil vere rikare i 2060 enn i dag sjølv om sekstimarsdagen blir innført. Det viser at det er fullt mogleg for oss her i Noreg å jobbe mindre og samtidig tene meir.

Så sjølv om vi ikkje kan gå under våre parolar og vise styrke gjennom fysisk fellesskap, skal vi gjere det gjennom ein felles kamp for ei framtid der arbeidaranes rettigar er sterke, og meir tid vert verdsett over eit stadige jag etter eit høgare forbruk.

God 1. mai alle saman!

Artikkelen held fram under annonsen.

Helga Holmefjord

Stortingskandidat

Jon Peder Grønsveen Opsahl

Bjørnafjorden Raudt