Må koma dei streikande i møte: Prognosar syner at det vil mangla mange hundre bussjåførar berre om nokre få år. For å unngå dette må NHO og Virke koma dei streikande sjåførane i møte, meiner Vestland Ap.

– Eit svik mot dei streikande!

Vestland Ap stiller seg bak den lovlege streiken innan bussbransjen. I Fylkestinget tysdag stemte eit fleirtal samansett av Frp, H, Sp, KrF og Venstre mot at fylkestinget skulle støtta streiken.

Dette framstår for oss som smålig.

Det er busstreik av di lønnsutviklinga og arbeidsforholda har gått i feil retning. Fylket som kjøpar av desse tenestene er avhengig av å ha fagleg kompetente bussjåførar i alle delar av fylket vårt for å oppnå dei måla me har sett oss innan kollektivtransporten.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eit av dei viktigaste verkemiddla for å oppnå dette er lønns- og arbeidsvilkår for sjåførane som gjer at ein kan stå i yrket over tid og at ein får ei løn som gjer at ein kan leva av å jobba eit ordinært årsverk. Slik løn- og arbeidsvilkår er i dag er dette ikkje tilfellet.

Prognosar syner at det vil mangla mange hundre bussjåførar berre om nokre få år. For å unngå dette må NHO og Virke koma dei streikande sjåførane i møte.

Fylkestingsgruppa

Vestland Arbeidarparti