Nei til klimahysteriet: PDK seier nei til klimahysteriet. Ingen må tru at høge avgifter i Norge kan redda klima, tvert om

Eit verdival

Stortingsvalet på måndag handlar om verdiar. Kva verdiar skal samfunnet vårt bygga på?

I over 1.000 år har vår kristne tru våre fundamentet i samfunnet vårt. Partiet De Kristne (PDK) vil at det framleis skal vera slik. I Grunnlovas paragraf 2 er det slått fast at den kristne arven vår framleis skal vera vårt verdigrunnlag. I paragraf 4 er det bestemt at Kongen skal vedkjenna seg den evangeliske lutherske religion.

PDK er uroleg for samfunnsutviklinga. Uroleg fordi ein ser at normene som dette samfunnet byggjer på, stadig vert utfordra. I politikken kan ein vera ueinig om mange saker, men når ein ikkje lenger er einig om og står bak verdigrunnlaget vårt, ja, då er det grunn til å seia frå. Det gjer PDK.

Artikkelen held fram under annonsen.

Religionsfridom

Ja, me har og me skal ha religionsfridom i landet vårt. PDK meiner at kristendommen har ei særstilling med si 1.000-årige historie her i landet. Det er difor både rett og rimeleg at kristendom vert eit eige fag i skulen. Det er noko PDK vil arbeida for.

Ytringsfridom

Ytringsfridom er ein viktig rett i eit samfunn med eit kristent verdigrunnlag. Hugs at i fleirtalet av land på planeten vår er ytringsfridom ikkje noko sjølvsagt ting. Derfor må me stå opp for og kjempa for ytringsfridom. Den kampen tek PDK.

Ta vare på skaparverket

Me har alle eit ansvar for å ta vare på det flotte skaparverket som er gitt oss. PDK seier ja til å forvalta skaparverket til beste for komande slekter. PDK seier nei til klimahysteriet. Ingen må tru at høge avgifter i Norge kan redda klima, tvert om. Jobb nr 1, arbeid til alle, er mykje viktigare enn symbolpolitikk. PDK tek kampen for mange hundretusen arbeidsplassar på sjø og land.

All makt i denne sal

Det var Johan Sverdrup, parlamentarismen sin far som sa desse orda. I eit demokrati er det svært viktig at dei folket har valt til å styra, er dei som faktisk styrer. Partia på Stortinget har gjennom år flytta makt frå Stortinget til internasjonale organ som EØS, Acer, FN osv.

PDK vil gjenninnføra Johan Sverdrup sitt prinsipp ved å ta tilbake makt stortingspartia har overført til andre. Denne viktige saka som nokon kallar globalismen, har ikkje vore diskutert i valkampen. Kvifor? Fordi partia på Stortinget er heilt einige om stadig å gje frå seg meir makt. PDK tek kampen for demokratiet.

Trur du på demokratiet? Trur du på eit kristent verdigrunnlag? Trur du på arbeid til alle? Vil du ha nokon på Stortinget som slåss for desse verdiane? Då bør du stemma på Partiet De Kristne på måndag.

Godt val.

Magne Djuvik

Artikkelen held fram under annonsen.

Kommunestyrerepresentant

Bjørnafjorden

Nr 4 på PDK si stortingsval-liste i Hordaland