Vil bli utfordra: I budsjettframlegget til kommunedirektøren står det svart på kvitt, at kravet om lærartettleik vil bli utfordra i åra som kjem.

Elevar lærer best når dei blir sett

Nye Bjørnafjorden kommune har dårleg råd, og igjen står lærarnorma i fare når ein skal laga balanserte budsjett med ein stadig stramare kommuneøkonomi.

Utdanningsforbundet kjempar for og veit verdien av at alle born og unge kvar dag skal bli anerkjend og sett. Bjørnafjorden kommune har som hovudmål innan oppvekstsektoren at «Alle barn og unge skal ha gode oppvekstmiljø som gjev meistring, tryggleik og anerkjenning2. For å nå dette målet må me sikra tilstrekkeleg tal på tilsette, både i barnehage og skule.

Lærarnorma

Lærarnorma er ei norm på skulenivå, med maks 15 elevar pr. lærar på 1.-4. trinn, og maks 20 elevar pr. lærar på 5.-10. trinn.

Norma styrer kor høg lærartettleiken skal vera på hovudtrinna, det vil seia 1. til 4. trinn sett under eitt, 5. til 7. trinn sett under eitt og 8. - 10. trinn sett under eitt.

Organiseringa av sjølve undervisninga er opp til skulen. Lærarnorma er ei nødvendig sikring til det beste for elevane, både fagleg og psykososialt, og trengs for å styrkja den tidlege innsatsen i skulen

Artikkelen held fram under annonsen.

Relasjon mellom lærar og elev er ein nøkkelfaktor for eleven sitt læringsmiljø. Det er fleire skuleforskarar samde om. Om gruppestørrelsen blir for stor, er det svært utfordrande for berre éin lærar å gje god, tilpassa opplæring til alle elevane. Det same gjeld ivaretakinga av elevane sitt psykososiale miljø, som og er presentert som ein av måleindikatorane til kommunen, for 2021: Barnehagane og skulane skal ha eit godt psykososialt miljø, jmf §9A i Opplæringslova, §41, §42 og § 43 i barnehagelova.

Det har vore mykje skrive om dei sårbare borna under nedstenginga. Desse borna er no tilbake i skule og barnehage. Fråværet blant tilsette aukar, og dei som er på jobb opplever at fleire oppgåver skal løysast med færre ressursar. Desse to faktorane er svært utfordrande å kombinera.

Tal henta frå Grunnskolens informasjonssystem, GSI, viser at fleire av barneskulane i tidlegare Os kommune ikkje oppfylde norma i 2019-2020. Ferske tal frå nye Bjørnafjorden kommune, henta frå budsjettkonferansen til formannskapet, viser at situasjonen er forverra.

Bjørnafjorden kommune skal ha eit sterkt fokus på tidleg innsats, og eitt av dei viktigaste tiltaka, etter vårt syn, vil utan tvil vera å sikra nok tilsette som ser borna i skulekvardagen. Tidlegare har kommunalsjef for oppvekst nemnd meistringsteamet som ein del av laget rundt elevane, og brukt dette som eit tilsvar til spørsmål om at kommunen ikkje oppfylde den nasjonale lærarnorma. Dreiinga i prosjektet er no at teamet hovudsakleg skal arbeida inn mot ungdomstrinnet, og forslaget som ligg i bordet frå Bjørnafjorden 22, er at dei blir redusert med 1,7 årsverk.

I budsjettframlegget til kommunedirektøren står det svart på kvitt, at kravet om lærartettleik vil bli utfordra i åra som kjem. I budsjettet for 2020 fekk oppvekst ei utvida ramme på 2,5 millionar frå posisjonspartia. Denne vart ikkje tatt i bruk, på grunn av administrasjonen si negative innstilling til auka driftskostnadar. Det er no opp til fleirtalet i kommunestyret å sikra at dette ikkje skjer igjen,ved å vera tydelegare i sine forventningar. Kravet bør vera at stortingsvedtaket om minimumsnorm for lærartettleik skal bli følgd på skulenivå i Bjørnafjorden kommune.

Utdanningsforbundet Bjørnafjorden