Kart Bjørnafjorden: N/A

– Endeleg ser det ut til at epoken Hordfast er over

Vonar heller at mange engasjerer seg i denne «malen» for trasé, og kjem med verdifulle innspel, slik at produktet blir både godt og framtidsretta.

Så ser det endeleg ut til at epoken Hordfast er over, og at tre store bruer ikkje blir bygde. Eg tenkjer då på Aadlandsfjordenbrua, Bogøybrua og ikkje minst Bjørnefjordbrua. Den fjerde brua - Jektevik-Hodnanes - vil nok overleva, då ho kan nyttast i framtidig trasé etter denne teoretiske framstillinga:

E39 i distriktet startar då i sør ved Hodnaneset, og held seg stort sett etter dei vegane som allereie er der, så får spesialistane retta opp svingar og leggja enkelte plassar i tunell, slik at resultatet blir kortare og betre enn det som er per i dag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Altså start ved Hodnanes-Årbakka-Onarheim-Lukksund-Grunnasund-Nordtveitgrend-Baldersheim-Henanger-Rennesvik-Røadalen-Vengsvatntet-Havsgårddalen-Øyro (Holmefjord)-Utskot-Gaupholm-Trengereidfjorden-Romslo-Asko (Arnadalen), der den deler seg til Os+Nesttun+Fjøsanger+Vågsbotnen.

Frå Asko tek E39 med seg Rv. 134 og Rv. 7 til Gaupholm, bru Trengereidfjorden-Gaupholm, ca 250 meter (der ligg ein holme midt i fjorden). På Gaupholm går Rv. 7 til Hardanger og E39 går mot Vaksdal-regionen og vidare til Romarheim.

E39 og Rv. 134 går mot sør til Vengsvatnet, der Rv. 134 går til Ljonestangen (der bru frå Jondal kjem) - avstand Ljones-Gaupholm er ca 44 km.

Ved Vengsvatnet bør ein passa på at der blir plass til påtenkt kraftstasjon. Så går E39 til Røadalen og vidare til Rennesvik, dette fordi ein slepp over høgste Holdhus og at ein samstundes løyser vegvesenet sitt problem på strekkja Kilen-Holdhus.

Frå Rennesvik blir det ein liten vegstubb til Henganger (bru over vatnet ca 150 meter), vidare til ca ved Losjehuset (her er mange val til Baldersheim). Baldersheim-Nordtveitgrend skulle vera grei, og på Sundvor nyttar ein Grunnasundbrua (to felt) og vidare til Lukksund (to felt). På Tysnes-sida går ein så mot Årbakka vidare til Onarheim (Alsaker Fjordbruk) og til Hodnanes. Vi treng to eller tre felts vegar og ikkje fire felt med toppfart på 110 km/t.

Desse fergene kan leggjast ned: Kvinnherad-Skjersholmane (ny ferje Kvinnherad-Skorpo (Laukhamar) der Huglo vert kopla på), Jektevik-Hodnanes, Sandvikvåg-Halhjem, Årsnes-Gjermundshamn (der Varaldsøy vert kopla til bru over Bondesundet), Tørrvikbygd-Jondal, Venjaneset-Hatvik (kompensert med to felts veg Fusa-Eikelandsosen). Tunell Sævareid-Eikelandsosen vert overflødig.

Når dette er på plass, kan ein danna Midthordland kommune, med utgangspunkt Gullbotn-grense mot Bergen og Os (Os blir før eller seinare adoptert av Bergen), vidare ut Samnangerfjorden-Bjørnefjorden-Hardangerfjorden (der ein tek med vestre delar av Kvinnherad inklusivt Varaldsøy (som går vidare til Nybru)). Derifrå følgjer ein vasskillet tilbake til utgangspunktet.

Men før alt dette: Skikkeleg veg frå Trengereid til Voss (ras). Indre Arna til Trengereid treng ein ikkje gjera noko med, då Rv. 134 og Rv. 7 går over Gaupholm.

Artikkelen held fram under annonsen.

Som gode hamneplassar for Bergen, er Skoltestranda eller industriområdet ved Samnøy. Då må det leggjast jernbane dit.

Vonar at mange engasjerer seg i denne «malen», og kjem med verdifulle innspel, slik at produktet blir både godt og framtidsretta, og ikkje minst fornuftig bruk av pengane. Tenk på alt: Her er areal-kraft-vatn-djupvasskaiar-vidaregåande skule og mykje meir.

Ps: Gamle Hordfast har kosta over 1,5 milliardar i prosjektering.

Gudleik Østerbø