Drift vidare: I vedtaket om bevaring av Fjellheim inngår det også at eit ad hoc-utval skal greia ut korleis Fjellheim kan driftast og brukast i framtida.

Endeleg sluttstrek for Fjellheim-saka

Det positive vedtaket var sjølvsagt ein stor opptur for oss i Bevar Fjellheim etter 10 år med nedstenging av det flotte kulturbygget.

Med knappast mogleg fleirtal i kommunestyret torsdag fekk fleirtalskoalisjonen endeleg vedteke at Fjellheim skal inngå i sentrumsplanane for Osøyro framover.

Ikkje uventa gjekk dei «gamle travarane» i Frp, Terje Søviknes, Espen Aspenes og Gustav Bahus, på talarstolen og gjentok sine gamle argument om kor dårleg tilstanden til bygget er, og at huset var gått ut på dato. Det er vel argumenta til denne troikaen som er gått ut på dato. Tilstanden til Fjellheim er forbausande god, sjølv etter 10 år med nedstenging.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ad hoc utval

I vedtaket om bevaring av Fjellheim inngår det også at eit ad hoc-utval skal greia ut korleis Fjellheim kan driftast og brukast i framtida. Sidan Frp og Høgre tydelegvis ikkje ville ha noko med dette utvalet å gjera, vart det vedteke at det skulle bestå av folk frå MDG, SV og Ap. Utvalet har frist 1. april til å koma med framlegg til korleis Fjellheim kan nyttast og drivast framover.

I budsjettet for 2021 vart Fjellheim tilgodesett med kr 200.000. For denne relativt beskjedne summen, og litt dugnad utomhus av oss i Bevar Fjellheim, framstår bygget i dag i ein mykje betre tilstand enn på veldig mange år.

Det som står att utvendig er maling av veggen og nokre få vindauge mot vest (opp mot Mobergshaugane). Taket må sjølvsagt inspiserast sidan maling har flassa av, men det er ikkje observert lekkasje etter at taket vart skifta på slutten av 1980-talet.

Nye vindauge med isolerglass vart sette inn i same periode, og kvaliteten på desse ser vi i dag. Ingen er punkterte, og dei held i mange år framover.

Fjellheim innomhus

I kommunestyret i går gjekk Espen Aspenes på talarstolen og fortalde til dømes at Fjellheim ikkje har ventilasjonsanlegg, og at det berre var utlufting gjennom vindauge. Det er heilt feilt. Mange i det nye kommunestyret kjenner ikkje Fjellheim, og tar slike uttalelsar for god fisk.

Alle tekniske fagområde var inkluderte i rehabiliteringa i 1990-92 og i 1994.

Då Os kommune kjøpte Fjellheim 1.1 1989, la kommunen ein storstilt plan for ei rehabilitering av det gamle kulturhuset. Åtte av dei mest aktive brukargruppene i Fjellheim vart inviterte til å koma med innspel slik at bygget vart modernisert i høve til tekniske krav, og ikkje minst å foreslå mindre ombyggingar som skulle gjera bygget brukarvenleg for mange ulike aktivitetar.

I løpet av 1990-1994 vart alt av teknisk med varme og elektro skifta ut med moderne utstyr og styringssystemer, med bl.a. ny hovudtavle i eige kontrollrom.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ventilasjonsanlegget med varmegjenvinning vart montert ferdig i slutten av 1994. Alle fagområda som gjeld oppgraderinga av Fjellheim, er dokumenterte i eigne permar som er tilgjengelige.

I dei to påbygga kom det nye sanitæranlegg og garderobar. Til og med sminkerom for skodespelarar vart det rom for, rett bak scenen. Det mobile amfiet med plass til 200 som brukarutvalet også hadde framlegg om, kom på plass ut på 2000-talet.

Tilstandsrapport

Kommunaldirektøren nytta Rambøllrapporten som grunnlag for å freista å få til eit fleirtal i kommunestyret for riving av Fjellheim. Bestillinga frå Oseana til Rambøll var ei total oppgradering og ombygging av det store Fjellheimbygget til dagens tekniske standard (Tek17) på alle tekniske og byggtekniske fagområde. Rambøll og takstmannen hadde diverre ikkje fått opplysningar om at Fjellheim hadde gjennomgått fleire store oppgraderingar. Dette ber også rapporten preg av.

Oppgraderinger som må gjennomførast for å nytta Fjellheim fullt ut, er bl.a. montering av nytt alarmsystem for brann og innbrot. I tillegg er det krav om meir brannsikring bl.a. ved bruk av det store ventilasjonsanlegget med varmegjenvinning.

Nye tekniske løysingar er sikkert aktuelle, og Fjellheim må sjølvsagt saumfarast på nytt etter 10 år med nedstenging. Sjølvsagt kan det dukka opp overraskingar.

Tore Moberg

Foreningen Bevar Fjellheim