Dårleg samvit?: Intensiteten og breidda i kommentarane etter underskriftskampanjen og lokalavisa sine oppslag, overraskar meg. Er det nokon som kjenner på dårleg samvit for feil utvikling?

Engasjementet tyder på at kampanjen har treft ei nerve

Kvifor har 932 personar i alle aldrar engasjert seg i spørsmåla om tilboda i den samanslåtte kommunen er likeleg fordelte?

932 innbyggjarar i Bjørnafjorden har ved underskriftskampanje bede kommunestyret vurdera korleis den nya kommunen utviklar seg. Er me på rett veg, er der andre måtar å organisera seg på, eller bør ein omgjera samanslåinga?

Les også
Blir innbyggjarane i Fusa og Os behandla likt?

Den oppmodinga må kommunestyret, etter lova, behandla innan medio september. Det er ganske overraskande at kommunedirektøren, som har hatt det administrative ansvaret for gjennomføring av samanslåinga, no sjølv går ut i avisa og erklærer at det meste er bra, faktisk betre enn før og at det er for tidleg å evaluera noko no.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eit av kommunedirektøren sine argument er at kommunen sitt eige kontrollutval ser på saka om fordeling av tenestetilboda. Javel? Dei skal i følgje saksdokumenta berre vurdera ein brøkdel av oppgåvene til kommunen.

Les også
Difor er kommunedirektøren heilt overtydd om at tenestene er betre no enn i gamle Os og Fusa

Politikarar i kommunestyret er tidlegare siterte i lokalavisa med utsegner som «Dei vil alltid syta og klaga på både ditt og datt», «ting må få gå seg til», «me er berre 1,5 år inn i ekteskapet».

Javel? Intensiteten og breidda i kommentarane etter underskriftskampanjen og lokalavisa sine oppslag, overraskar meg. Er det nokon som kjenner på dårleg samvit for feil utvikling?

Les også
932 stilte seg bak innbyggjarinitiativet før fristen gjekk ut. Dette tenkjer ordføraren

Kvifor har 932 personar i alle aldrar engasjert seg i spørsmåla om tilboda i den samanslåtte kommunen er likeleg fordelte?

Gjennom nær 40 år med fagleg og politisk arbeid på ulike nivå, har eg sjeldan opplevd slikt breitt engasjement for ei enkeltsak. Motstanden mot monsterbrua er det næraste ein kjem av slik folkeleg semje her i gamle Fusa, men i denne saka har godt vaksne personar reist eins ærend inn til Fjord’n senter for å skriva namnet sitt fysisk på lista. Ungdomar som ein skulle tru likte å vera del av ein større kommune, seier dei vil ha «gode, gamle Fusa» tilbake.

Les også
– Intensjonsavtalen var utdatert alt på tidspunktet for samanslåinga

Tilsette har fortalt om tyngre rutinar, lengre avstand til avgjerder og kulturskilnader i måtar å driva tenester og politikk på. Det siste treng ikkje vera negativt, men dersom det i sum resulterer i at fokus og kjennskap til krikar og krokar og behova i heile kommunen, er redusert, hjelper det lite at ein har fått «robuste einingar».

At ein seksjon/fagområde går frå 5 til 15 sakshandsamarar, garanterer ikkje for at kvaliteten vert betre ut til innbyggjarane. Om dette robuste faglege tilbodet vert plassert på Os, vil mange på Fusa-sida kjenna på at dei har tapt eit tilbod.

Les også
– I saker som denne er det ofte mykje synsing. Folk seier ditt og datt

At lokalavisa publiserer oversikt over kva kontorplassar som finst i Eikelandsosen, seier ikkje at innbyggjarane faktisk får tilbod om dei aktuelle tenestene på Fusa-sida. For å sitera kommunedirektøren sjølv: Det med pendlinga forstår eg ikkje. Alt er basert på frivilligheit. Forstår eg det slik at val av arbeidsplass er basert på frivilligheit?

Artikkelen held fram under annonsen.

Altså, når ein sakshandsamar ikkje ønskjer å reisa over fjorden, så kan vedkomande sleppa det, og innbyggjarane sjølve må ta tid/kostnad for å få nytta tenesta. Alle innbyggjarane har tilbod om diverse tenester i nye kommunen, seier kommunedirektøren og fleire med han. Javel. Men i mange tilfelle er tilbodet no på Os.

Les også
– Kassen til Fusa var tom. Ein trong ikkje vera rakettforskar for å sjå det

Kvifor har 932 personar i alle aldrar engasjert seg i spørsmåla om tilboda i den samanslåtte kommunen er likeleg fordelte? Det er eit varsko til den nye kommunen at så mange kjenner uro over utviklinga. Det er ikkje politikarforakt å be om ei evaluering, men det kan tolkast som innbyggjarforakt å avfeia desse underskriftene.

Visst det er slik at folk ikkje veit nok, og at dei har signert på feil grunnlag, så har kommunen si leiing (administrativt og politisk) eit pedagogisk problem. At ei ekstern evaluering vil kosta, forstår initiativtakarane også, men å sikra lokaldemokratiet og likeverdig fordeling av tenester er så viktig at me må kosta på oss ei ekstern vurdering.

Les også
– Tidlegare var det «Eikelandsosen som fekk alt». No er det Os

Engasjementet rundt saka siste månaden tyder på at kampanjen har treft ei nerve.

No går det mot sommar og ferietid, men til hausten kjem saka opp i kommunestyret, og då kan administrasjon og politikarar visa om dei tar folk å alvor.

Mette Holmefjord Olsen

Les også
Ho frykta at «alle til slutt ville sitja på Os». Slik var prosessen i fellesnemnda.
Les også
932 stilte seg bak innbyggjarinitiativet før fristen gjekk ut. Dette tenkjer ordføraren