Møte: Innsendaren reagerer på uttale frå politikar i førre formannskapsmøte.

Er det verkeleg slik?

Har ein politikar uttalt seg på denne måten?

I dag, 31. oktober, var eg innom datamaskina mi og fekk då sjå ein liten bit av eit møte i Bjørnafjorden kommune (sending frå førre formannskap på kommune-TV, journ.mrk.).

Etter å ha sett dette klippet kjem eg med følgjande spørsmål: Er det verkeleg slik at Linda Kjosaas (Ap) uttalte at «helsesektoren har blitt overdimensjonert og har vakse seg stor og feit».

Artikkelen held fram under annonsen.

Vi veit at det er køar både på sjukeheimar og i omsorgsbustader, og at kommunen betaler bøter fordi dei ikkje maktar å ta heim pasientar som er ferdighandsama på sjukehusa.

Dessutan ligg psykiatrien langt bak dei somatiske sjukdomane.

Gudleik Østerbø