Fjellheim – brukshus og eit av dei viktigaste kulturminna i Os

Majestetisk: Fjellheim er eit bygg med ei heilt unik kulturhistorie som ligg sentralt og majestetisk til ved innkøyringa til Osøyro.

Etter 10 år med eit nedstengt Fjellheim skjedde det endeleg noko.

10. august i år vart det observert stillas på heile nordveggen av Fjellheim med Kjell Røttingen og Terje Kvittingen sine firmanamn på. Det var verkeleg gode nyhende, og underteikna og resten av gjengen i Foreningen Bevar Fjellheim (FBF) kunne verkeleg senka skuldrene litt denne dagen. Endeleg skulle det skje.

På kommunebudsjettet var det sett av kr.200.000 til heilt nødvendige reparasjonar og vedlikehald av Fjellheim. No er arbeidet for lengst ferdig, og Fjellheim framstår utvendig i betre forfatning enn på svært lenge.

Artikkelen held fram under annonsen.

Positivt at det vart sett inn tiltak

Skadane på nordveggen hasta det verkeleg med å få reparerte før vinteren, pga vassinntrenging over fleire av vindauga. Dette tiltaket priotiterte FBF som nr. 1 i ein rapport som vart sendt til kommunen for eitt år sidan. Nr. 2 på lista vår var å redda dei 15 nederste vindauga mot hovudvegen. Kommunen fant også midlar til dette, og med nymalte vindauge og vegger framstår Fjellheim i dag nesten like flott og majestetisk som i gamle dagar.

Brukshus og viktig kulturminne

I 10 år har Foreningen Bevar Fjellheim (FBF) argumentert for å ta vare på Fjellheim-bygget som eit godt eigna brukshus i sentrum og eit viktig kulturminne i Os (no Bjørnafjorden). Den tidlegare vedtekne reguleringsplanen for Fjellheim-tomta som gjev grønt lys for riving av bygget, syner at bevaring av Fjellheim bør heimlast i eit nytt vedtak som sikrar at bygget vert bevart for framtida.

At Fjellheim er eit godt eigna brukshus til mange typar innandørs aktivtetar, er det ingen tvil om. Det er berre å syna til historia og bruken av Fjellheim frå langt tilbake i tid og fram til huset vart stengt ned i 2011.

Det er også eit bygg med ei heilt unik kulturhistorie som ligg sentralt og majestetisk til ved innkøyringa til Osøyro. Frå sentrum og Linjo er det kort gangveg til Fjellheim både frå sør og nord.

Betre enn på lenge: Fjellheim framstår utvendig i betre forfatning enn på svært lenge.

Gode argument

Det blir for omfattande å ta alle gode argument for bevaring og vidare bruk av Fjellheim, men referer til uttalar frå byantikvaren og frå tidlegare lokalpolitikar Olaf Søfteland.

Fråsegn til Byantikvaren(2017):

«Fjellheim har svært høy kulturhistorisk verdi, både med tanke på sin arkitektoniske utforming og arkitekturhistoriske verdi, men ikke minst sosial og kulturell verdi som et viktig forsamlingshus for svært mange mennesker i nesten 80 år. Det finnes ikke tilsvarende bygning i Os kommune, og Fjellheim har dermed også svært høy sjeldenhetsverdi.

Vi anbefaler at bygningens eksteriør og materialitet bevares og at det kan gjøres endringer/ tilpasninger innvendig tilpasset ny bruk.

Artikkelen held fram under annonsen.

Karakteristisk for Fjellheim er den strategiske plasseringen som gjør den til et landmerke for store deler av Os sentrum, og kneiser med en iboende monumentalitet. Denne spesielle bygningen fra mellomkrigstiden er et unikt stykke arkitektur, og det finnes ikke mange tilsvarende ungdomshus/kulturhus/forsamlingshus i denne regionen med tilsvarende arkitektonisk utforming».

Tidlegare lokalpolitikar for Arbeidarpartiet, Olav Søfteland (2015):

«Fjellheim er eit monument over det frivillige idretts- og ungdomsarbeidet i Os. Både av historiske grunnar og slik Fjellheim ligg til i terrenget, er Fjellheim viktig for Os-identiteten. Vi har ikkje så mange bygg som gjev Os ein identitet.Vi har kyrkja, prestegarden, det gamle kommunehuset, lensmannbustaden i Finnabrekka, administrasjonsbygget til Osbanen med Vognhallen og Fjellheim.

Eg føler meg overtydd om at Os-bygda vil ha bruk for, og god nytte av Fjellheim i framtida i tillegg til det fine kulturhuset Oseana. Den store folkeauken som er venta i Os, er også eit sterkt argument for å ta vare på Fjellheim».

Organisasjonen Bevar Fjellheim har samla inn over 4.000 underskrifter til støtte for å bevara Fjellheim. Også Hordaland Fylkeskommune har bede om at det vert teke omsyn til Fjellheim som kulturminneverdi. Dette bør alle osingar lytta til.

Eit samandrag av den 100 år gamle historia til Fjellheim fram til 2011 kan ein lesa ved å klikka inn på bjornafjorden.kommune.no., og skriva Osingen 2011 i søkefeltet «Kva ser du etter?». På s. 8-13 kan ein lesa artikkelen «100 år med Fjellheim».