Unik kulturhistorie: Med Fjellheim følgjer også ei unik kulturhistorie som bør førast vidare til komande generasjonar.

Fjellheim må vera med i ei heilskapeleg utvikling av «Liv på Øyro»

Utviklinga i Os sentrum og Osøyro i åra framover vil vera ein viktig indikator på om politikarane og kommuneleiinga gjorde dei rette vala i 2021.

I 10 år har vi i «Bevar Fjellheim» arbeidd og argumentert for å ta vare på Fjellheim som er eitt av dei viktigaste monumentale og kulturhistoriske bygg i Os. Etter ei større oppgradering i 1984-86 (tak og vindauge) og ei fullstendig oppgradering i 1990–1992, og i 1994, fekk Fjellheim mykje større bruksverdi enn tidlegare. Sjølv etter 10 år med nedstenging, er bygget i betre forfatning i dag enn det folk flest er klar over.

Med Fjellheim følgjer også ei unik kulturhistorie som bør førast vidare til komande generasjonar. Underteikna har samla, og teke vare på det meste av den spennande og unike kulturhistoria til Fjellheim (også til gamle Fjellheim som brann i 1936)

Artikkelen held fram under annonsen.

Asplan Viak og moglegheitsstudie

Tidlegare Os kommune nytta Asplan Viak i eit omfattande arbeid med å bevisstgjera osingane i kva som var viktig å ta vare på i ei kulturbygd som Os. Det var litt halleluja-stemning.

I innleiinga til punktet «Kunst, kultur og fritid» står det bl.a: I 2027: «Alle osingar kjenner til Os si historie og historiske bygg, og områder vert brukt aktivt i kulturformidling og identitetsskapande arbeid»

Dersom vi skal formidla Osøyro si kulturhistorie vidare til komande generasjoner, eller til dømes som del av ei «kulturløype», då er det lite framtidsretta å riva Fjellheim. Viktige signalbygg bør ein ta vare på. Er bygget borte, er det tapt for alltid.

Historisk identitet: «Vi vil vera ein attraktiv kommune som tar i vare vår historiske identitet»

Utviklinga i Os sentrum og Osøyro i åra framover vil vera ein viktig indikator på om politikarane og kommuneleiinga gjorde dei rette vala i 2021. Diverre ser vi at ein kortsiktig vinst ved ein utbyggingsplan for Fjellheim-tomta blir styrande i diskusjonen om Fjellheim sin eksistens.

Oseana - ei heilt ny tid

Etter 100 år med Fjellheim vart praktbygget Oseana på Mobergsneset teke i bruk i 2011.

Vi har eit topp moderne signalbygg i sjøkanten, og vi har framleis det gamle kulturhuset Fjellheim som ligg naturleg tilbaketrekt frå sjøen. Vi har framleis ein alle tiders sjanse til å synleggjera ei litt sovande kulturhistorie i sentrum til dømes ved å laga ei kulturløype som knyter saman historiske bygg i sentrum som til dømes med start og endepunkt i Oseana..

Korleis kan Fjellheim nyttast som samfunnshus?

Sjølv om det er bygd ny gymsal med scene og andre fasilitetar i tilknytning til Os ungdomsskule, vil det vera eit stort behov for å ha eit større samfunnshus/brukshus i sentrum. Prognosane for folketalet i Os sentrum og kringliggjande område vil åleine pressa fram fleire møteplassar i sentrumsregionen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kjellaretasje i Fjellheim. Nokre få døme:

Alle typar dans ( kjellaretasjen er skreddarsydd til dans, folkedans osb), møtelokale for foreiningar og lag, utstillingar, trim og frisklivsgrupper, kurs, øvingslokale til musikkgrupper osb.

Storsal m/scene. Nokre få døme:

Øvingslokale til Os Musikkforening, turnparti, karatetrening/taekwondo, trimparti, øvingslokale til musikalar, dansekurs for unge og eldre, liten klatrevegg, litteraturhus (jf. litteraturhuset i Bergen), osb, osb.

Det er nesten ikkje grenser for kva for aktivitetar som kan drivast i Fjellheim, og slik har det også vore tidlegare.

Vi må ha gode og naturlege møteplassar for alle aldersgrupper heile året. Fjellheim står framleis der, og Fjellheim burde også vore med i planane for «Liv på Øyro»

Behov

Det er behov for eit samfunnshus og brukshus i sentrum i tillegg til Oseana.

Kommuneadministrasjonen og lokalpolitikarane har tidlegare fått oversendt liste med nesten 4.000 underskrifter og argumentliste for bevaring av Fjellheim.

Artikkelen held fram under annonsen.

Avslutningsvis frå Os Inspirerer: «Vi vil lytte til alle som tek kontakt for å gje oss gode råd».

Rådet frå oss i «Bevar Fjellheim» er altså:

Fjellheim må vera med i ei heilskapeleg utvikling av «Liv på Osøyro», og det er ingen skam å snu.

Tore Moberg

Foreininga «Bevar Fjellheim»