Overraskande god: Sjølv om Fjellheim har segla sin eigen sjø i mange år, er det likevel positivt å sjå at tilstanden til det ærverdige bygget framleis er overraskande god.

Fjellheim treng ikkje ei omfattande oppgradering

Summen som rådmannen syner til kan skremme vettet av nokon og einkvar.

I Os & Fusaposten stiller Lars Skorpen spørsmålet: «Må dette oppussingsarbeidet kosta svimlande 35 millioner kroner?»

Rådmannen syner til ein sum på ei fullstendig oppgradering til såkalla dagens standard og krav. Ca fem millionar av summen er, så vidt eg hugsar, pris på utstyr som Oseana trengde i sine planar for Fjellheim.

Artikkelen held fram under annonsen.

Oppgradering av vaktmeisterbustaden er også inkludert i summen. Denne bygningen har liten kulturell verdi samanlikna med Fjellheim, og bør kanskje rivast på sikt for å få betre tilkomst til Fjellheim frå sør. I flg rapporten til Rambøll står ein då att med ein sum på ca 25 millionar. Denne summen er framleis svimlande høg i høve til summen som eigentleg trengst for å ta bygget i bruk slik som før.

Då Fjellheim stengde dørene i 2011, var det ikkje behov for ei omfattande oppgradring av bygget. Bygget var i god stand, sjølv om brannvesenet i fleire år hadde peika på to tiltak som måtte gjerast dersom bygget skulle nyttast fullt ut til store arrangement i storsalen. Tiltaka det var snakk om, var oppgradering av brannvarslingsanlegget og isolering rundt delar av ventilasjonsanlegget.

Les også
Osingar i dag må visa både ansvar og glede av å ta vare på Fjellheim for framtida

Fjellheim har vore «pent brukt» sidan 1992

Ei omfattande oppgradering av Fjellheim vart gjennomført av Os kommune i samarbeid med arkitekt Hans Skogen i 1990-92. Åtte brukargrupper fekk koma med innspel, og alle fekk oppfylt sine ønske, meir eller mindre. Ein kan trygt seia at Fjellheim har vore «pent brukt» fram til stenginga i 2011.

Folk som har vore innom Fjellheim etter 2011 er overraska over kor fint det, og dei spør naturleg nok kvifor huset er stengt.

Det er sjølvsagt ikkje heilt som før. Det flotte sceneteppet er tatt ned og levert til ein av skulane i Os. Alt av lysanlegg på scenen er fjerna, Halve ribbeveggen er saga av, og sett opp att i Os Roklubb sine lokale. Komfyren på kjøkkenet er også levert vidare osb. I tillegg har Fjellheim stått utan varme og utlufting i mange år. Sjølv om Fjellheim har segla sin eigen sjø i mange år, er det likevel positivt å sjå at tilstanden til det ærverdige bygget framleis er overraskande god.

Mykje kan gjerast på dugnad

Snart står ein ny vinter for døra, og det hastar verkeleg å få gjennomført tiltak slik at bygget ikkje forfell meir enn nødvendig. Innomhus kan det vera fornuftig å montera varmepumpe for å halda ein jamn temperatur gjennom vinteren, noko som også er nemnd i Rambøllrapporten.

Det hastar med å setja i gang tiltak for å stoppa vassinntrenging i murpuss, og særleg rundt vindauga på nordveggen. Fagfolk bør i første omgang koma med framlegg til tiltak, som også Lars Skorpen skriv i sitt innlegg.

Det hastar også med vedlikehald av vindauga som er frå ca 1982-83. Her trengst det ikkje fagfolk. Vindauga har tresprosser, og er nesten identiske med dei opphavelege, men no med tolags glas. Desse kan reddast ved å setja inn tiltak så snart råd er. Her er det snakk om pussing og beising av trerammene.

Artikkelen held fram under annonsen.

For å undersøkja tilstanden til takpannene trengst det lift, og folk utan altfor stor høgdeskrekk.

Tore Moberg

Foreningen Bevar Fjellheim