Engasjert seg sterkt: - Medlemmane våre, med Senior Høgre i spissen, har engasjert seg sterkt etter at kommunedirektøren i sitt budsjettframlegg føreslo å leggja ned enkelte tenester.

Førebygging - for enkeltmennesket og kommuneøkonomien

Det har i mange år vore viktig for Høgre å satsa på førebygging og habilitering, og vi er er stolte over dei tenestene vi har bygd opp innan området.

Vi veit at tal eldre i kommunen vår vil monaleg auka i åra som kjem. Det er eit overordna mål at ein skal klara seg sjølv og bu i eigen bustad lengst mogleg. Dette er til det beste for den einskilde, men det er òg for kommuneøkonomien.

For at ein skal oppnå dette målet, må kommunen leggja til rette for det gjennom førebygging. Førebygging er viktig både for den einskilde sin livskvalitet, og for å avgrensa kostnader til helsetenester på sikt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det har i mange år vore viktig for Høgre å satsa på førebygging og habilitering, og vi er er stolte over dei tenestene vi har bygd opp innan området.

Medlemmane våre, med Senior Høgre i spissen, har engasjert seg sterkt etter at kommunedirektøren i sitt budsjettframlegg føreslo å leggja ned enkelte tenester. Dette gjeld kreft-, kols- og diabetesteama, tryggleikssjukepleiar og kreftkoordinator.

Å leggja ned desse tenestene, meiner vi vil vera å gå baklengs inn i framtida. Difor reverserer Høgre og Frp desse kuttiltaka i sitt felles budsjettframlegg. Desse tilboda vil gje fortsatt tryggleik for innbyggjarane og det vil utan tvil vera gunstig for kommunen vår både på kort og lengre sikt.

Marie E. L. Bruarøy

Gruppeleiar Høgre

Ernst Hoff

Leiar Senior Høgre