Skuffande: Det er skuffande å sjå at dagens posisjon støttar kommunedirektørens kuttforslag med unntak av eit mindre tilskot til Visit Bjørnafjorden på kr 100.000.

Fortsatt satsing på næring

I budsjettframlegget frå Frp/H reverserer vi kommunedirektørens kutt i støtta til næringsutvikling.

Kommunedirektøren legg opp til eit kutt på kr 800.000 innanfor dette området i 2021.

I lys av koronapandemien kan ikkje Frp/H akseptera kutt i støtta til Bjørnafjorden Næringsråd og Visit Bjørnafjorden. Deira rolle vert endå viktigare i åra framover. I høve reiselivet, som er ei av dei hardast råka næringane, er det også viktig å vidareføra turistkontoret på Osøyro. I alt legg Frp/H inn att kr 650.000 til næringsføremål.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er skuffande å sjå at dagens posisjon støttar kommunedirektørens kuttforslag med unntak av eit mindre tilskot til Visit Bjørnafjorden på kr 100.000.

Posisjonen kuttar dermed støtta til næringsutvikling med kr 700.000 i 2021.

Dette er svært underleg, særleg sett i lys av posisjonens vedtekne budsjett for inneverande år, kor det er lagt stor vekt på ein aktiv og tydeleg næringspolitikk, stimulera til næringsutvikling og samarbeid med næringslivet. Ordet næring i ulike former er eit av dei mest brukte orda i budsjettet, heile 20 gonger, men dette ser ut til vera gløymt no eitt år etter.

Frp/H vil oppmoda posisjonen til å ta i bruk fjellvettregel nr. 8: «Vend i tide, det er ingen skam å snu», og støtta vårt framlegg om å oppretthalda støtta til næringsutvikling. Då unngår ein at næringsutvikling blir anna enn tomme ord.

Espen Aspenes

Bjørnafjorden Frp