Grunngjevinga: Me støttar forslaget om at ein skal freda hummaren over ein periode. Det me ikkje skjønar er grunngjevinga for at dette skal isolerast til to bygder.

Freding av hummarfisket på Vinnes: Kva med undervisning?

Ein kan nesten vera sikker på at dei fleste som har vakse opp i kommunen vår har vore med på å setja garn. Kor tidleg begynte du?

Vinnes Barnehage og Vinnes Friskule er aktive brukarar av sjøområda rundt Vinnes. Spesielt er Vinnesholmen og området rundt holmen godt eigna for undervisning.

Les også
Livskvalitet, allemannsretten og kystkulturen må også takast omsyn til ved val av fredingsområde

Me set garn og det er alltid knytt stor spenning til kva for artar som kjem opp av sjøen. Det gir borna ei heilt unik læring å kunna utføra fiske i praksis. Ein ser korleis ein skal setja garn, ein skjønner korfor ein slepp ut igjen dei minste fiskane og artar ein ikkje et, og ein lærer respekt for havet. Borna lærer å filetera fisk, å eta fisk og ein skjønar at fisken kjem frå havet og ikkje frå frysedisken på Rema 1000.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Ope brev til Bjørnafjorden kommunestyre: Ta vare på innbyggjarane i kommunen
Les også
Hummar på høyring

Viss forslaget om å freda hummaren her hjå oss vert vedteke, skal me altså ikkje halda på med dette i minst dei neste 12 åra. Det er lenge i eit oppvekstperspektiv. Å lesa om ein fisk i ei bok eller sjå han på ein skjerm, vil aldri kunna erstatta den unike læringa med å dra opp, ta på, lukta og ikkje minst eta eigen fangst.

Me støttar forslaget om at ein skal freda hummaren over ein periode. Det er veldokumentert at ein fredningsperiode vil gjera godt for hummarbestanden. Det me ikkje skjønar er grunngjevinga for at dette skal isolerast til to bygder.

Les også
Vert etter mi meining heilt feil
Les også
Hummarfreding – når saka er moden!

Viss vedtaket blir godkjent, vil det ta frå oss ein uerstatteleg, flott danningsprosess og ressurs for samfunnet på Vinnes i mange år. Born, elevar og vaksne kryssar fingrar for at dette ikkje går gjennom.

Hans Jørgen Messingslet Ulvatne

Hein Bondevik

Les også
MDG vil tredobla talet på fredingsområde. Frp meiner handsaminga har vore respektlaus
Les også
– Vi kan ikkje leggja fredingsområda til den yttarste, nakne øy. Vi har ingen slike