Må samlokaliserast: Uansett val av lokalitet, meiner vi open omsorg og hjelpemiddelsentral bør samlokaliserast.

Frp/H tryggar heimetenesta på kort og lang sikt

Open omsorg var stemoderleg behandla i budsjettframlegget frå kommunedirektøren. Frp/ H kunne ikkje akseptera at denne tenesta skulla ha sitt virke i Baronsgården.

Dette sa me i frå om tidleg i budsjettprosessen. Og no i Frp/H sitt alternative budsjett for 2021 gjer vi noko med det. Vi sikrar mellombels leige i Lyssand-fabrikken til både open omsorg og eventuelt hjelpemiddelsentral.

Samstundes løyver vi midlar i budsjettet til eit nytt prosjekt som anten inneheld nybygg ved parkeringsplassen på Lurane eller ombygging av den gamle sjukeheimen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Uansett val av lokalitet, meiner vi open omsorg og hjelpemiddelsentral bør samlokaliserast. Og skal permanent base for open omsorg/hjelpemiddelsentral vera på plass om 2-3 år, må planlegginga starta no, og investeringa skje i 2021-22.

Vi set difor av 15 mill. i 2021 og 30 mill. i 2022. Vi tek ansvar, og tenesta veit me dette kva som skal skje der framme.

Dette i motsetnad til dei som sit ved roret i posisjon. Det Ap, Sp, MDG og KrF strekkjer seg til, er eit verbalforslag som lyder: Lyssand-fabrikken er ei god og formålsteneleg lokalisering fram til ei permanent løysing er på plass nokre år fram i tid. Det er viktig at heimetenesta no raskt vert samla under eitt tak og at arbeidstilhøva blir betre enn i dag. Vi ber kommunedirektøren iverksetja leige av mellombels lokalisering for heimetenesta på Os-sida.

Altså veit ikkje open omsorg kor dei skal vera om 2-3 år. Posisjonspartia tek ikkje stilling til framtidig løysing, og dei set ikkje av midlar i budsjettet til tiltaket.

Frp/H meiner dei om lag 200 tilsette i open omsorg fortener betre. Difor er det viktig for oss å gje tryggleik til dei ved å visa i budsjettet at me gjer det vi seier.

Laila Reiertsen (Frp)

Marie E. Bruarøy (H)