Fornuft: Ære være Høgre og Frp som hadde fornuft nok til å avvisa dette.

Galskap!

Det er berre éin ting å seia om dette: Galskap!

Eg ser i Os & Fusaposten at det både frå KrF og Konservativt har vorte teke til orde for å lysa opp rådhuset med dei israelske fargane. Dette til støtte for Israel.

Det er berre éin ting å seia om dette: Galskap! Reinspikka galskap - at Bjørnafjorden kommune skulle ha sløsa bort pengar på slikt, når dei slit i alle endar for å få økonomien til å gå i hop - og er nøydde til å kutta der dei kan kutta - også i viktige tenestetilbod.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Føreslo å lyssetja rådhuset i israelske fargar

Ære være Høgre og Frp som hadde fornuft nok til å avvisa dette. Flomlys kostar dyrt - det gjer ikkje ei flaggheising.

Eg støttar ikkje Hamas sine handlingar, men eg forstår kvifor. I tiår etter tiår har palestinarane ropa til verdssamfunnet etter hjelp, men situasjonen for dei er helst blitt verre og ikkje betre.

Desperate menneske gjer desperate handlingar når ingenting anna nyttar. Det er palestinarane sin kamp for livet dette dreiar seg om.

Konfliktane der nede er ikkje berre Palestina si skuld. I bibelsoga frå skuletida tidleg på 60-talet hugsar eg eit kart over området, som viste at Palestina eksisterte allereie på Jesu tid - og sikkert før det òg. Dei har like stor rett til eige land med gode levekår som Israel har.

Å bomba sjukehus og skular, også dei som står under FN, er ikkje å forsvara seg mot terror. At Israel angrip ambulansar med såra og hjelpepersonell, er det heller ikkje. At palestinske born har blitt trakasserte på skulevegen, både av militære og sivile - alt dette og mykje meir er ikkje å forsvara seg mot terror - det er terror i seg sjølv. Det ser alle vi som vil og kan sjå.

Les også
Støtte til Israel frå Konservativt Bjørnafjorden

Rune Samnøy refererer i sitt innlegg til Hitler «som ynskte å drepa alle jødar». Samnøy er tydelegvis ikkje heilt à jour med 2. verdskrigen si historie. Hitler hadde også som mål å utsletta sigøynarane. Kvifor høyrer vi ikkje om det lengre? Det vart rett nok såvidt nemnd under ei lita minnemarkering for nokre år sidan.

Jødane er ikkje det einaste folkeslaget som har lidd urett og vondt gjennom tidene. Kva med aboriginane - urbefolkninga i Australia? Kva med indianarane i Nord-Amerika og kva med slaveriet der? Ein treng ikkje å gå lenger enn til snille, gode Noreg og alt det gale som er blitt gjort mot samane og taterane - for å nemna nokre få døme.

Israel og alle deira støttespelarar krev medhald for Israel i alt dei gjer. Dette er ikkje rett. Det heiter seg at israelarane er «Guds folk». Eg trur ikkje at Gud likar at Hans folk fer fram slik dei gjer, verken i det som no er eller det som har vore. Gud er kjærleik, ikkje krig.

Artikkelen held fram under annonsen.

Heldigvis ser det no ut til at fleire får augo opp for sanninga. Spørsmålet er berre om det hjelper, så lenge USA held handa si over Israel.

Eg er førebudd på å hausta storm frå fanatikarane med dette innlegget. For, som den tyske filosofen Schiller ein gong så treffande uttrykte det: Mot dumheten kjemper selv gudene forgjeves.

Jorunn Vadlid Svellingen