Uklokt: Fjerning av lågterskeltilboda er på tvers av føringane frå styresmaktene, og uklokt på lengre sikt, skriv kreftkoordinator Sigbjørg Eriksson (biletet) og tryggleikssjukepleiar Bjørg A. Sjøbø.

God folkehelse kjem ikkje av seg sjølv

God folkehelse er grunnmuren i kommunen vår og kjem ikkje av seg sjølv.

Bjørnafjorden kommune skal spare 90 mill. kroner dei neste åra. 40 mill. kroner skal sparast i 2021. Eitt av sparetiltaka til kommunen, innan helse og velferd, er å fjerne dei fleste lågterskel-tilboda, dvs dei førebyggjande og helsefremjande tilboda. Lågterskel-tilboda ein føreslår å fjerne er:

•Kreftteam

Artikkelen held fram under annonsen.

•Kreftkoordinator

•Diabetesteam

•Kolsteam

•Tryggleikssjukepleiar

Ikkje alle veit kva dei ulike lågterskeltilboda kan tilby og kva vi faktisk gjer. Vi ynskjer difor å opplyse om dei ulike tilboda, og på den måten få synleggjort dei konsekvensane det vil få både for innbyggarane og kommuneøkonomien om ein fjernar dei førebyggjande og helsefremjande lågterskeltilboda. Eit lågterskeltilbod vil seia at ein kan ta direkte kontakt med dei teama det gjeld utan å gå via lege eller søkja om tenesta.

Dei lågterskeltilbod det her er snakk om, vart alle oppretta i samband med Samhandlingsreforma (St,meld.47 (2008-2009)).

Kreftkoordinator (oppretta 2012) er koordinatoren mellom heim og helsetenester. Kreftkoordinator tilbyr individuelle samtalar, samtale med familie, ulike kurs, gir råd og rettleiing, samarbeider med ulike tenester både innan helse og velferd, fastlegar, spesialisthelsetenesta, kyrkje, NAV og frivilligsentralen for å hjelpe pasientar og familie i ein svært krevjande og vanskeleg livssituasjon. Familiar i krise får hjelp og støtte i eigen heim.

Mange born er pårørande til foreldre med kreft. Mange born mister ein av foreldra sine som følgje av kreftsjukdom. Om dei ikkje hadde hatt kreftkoordinator som støttespelar, er det tvilsamt om dei ville fått same hjelp, støtte og oppfølging andre stader i kommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kreftkoordinator oppretta og driv også «Treffpunkt» saman med flinke frivillige. Her møter borna andre born i same situasjon ein gong i månaden. Dei får gode samtaler og svar på ulike spørsmål dei måtte ha, samstundes som dei får ei god sosial oppleving.

Kreftkoordinator har høg kompetanse med ein mastergrad innan kreftomsorg og har tidlegare jobba i m.a. kreftforeninga. Eit stort nettverk både lokalt og nasjonalt vert nytta til det beste for kreftpasientane og deira pårørande.

Tryggleikssjukepleiar (oppretta i 2011) tilbyr førebyggjande og helsefremjande heimebesøk til eldre frå 77 år+ og «Seniortreff» for aldersgruppa 77 år to gonger i året. Vi samtaler vi om alt frå tilrettelegging i heimen til sakn og einsemd. Målet er å førebyggje sjukdom og fremje helse, gi råd, rettleiing og informasjon slik at ein kan bu heime så lenge ein ynskjer.

Pårørande, vener, grannar og fastlege tek ofte kontakt med bekymring kring den eldre sin situasjon. Tryggleikssjukepleiar kjem tidleg inn i heimen til folk, ofte før ein har trong for helse- og velferdstenester. Slik klarer ein å iverksetje tiltak på eit tidleg tidspunkt der det er aktuelt, og forseinke vidare utvikling av situasjonen. Dei eldre opplever dessutan tryggleik gjennom å ha ein kontaktperson i kommunen å ringje til når ein har trong for det.

Tryggleikssjukepleiar: Bjørg A. Sjøbø.

Tryggleikssjukepleiar samarbeider på tvers av faggrupper, einingar og fastlegar, arrangerer ulike treff og arrangement, undervisning og kurs. Tryggleikssjukepleiar har lang erfaring og høg kompetanse som m.a. inkluderer mastergrad i «Helsetenester til eldre».

Ressursteama (oppretta i 2013) består av spesialsjukepleiarar med vidareutdanning innan sitt fagområde, ergoterapeut og fysioterapeut. Dei sørger for at svært mange innbyggjarar med kreft, kols og diabetes unngår til dømes å bli så kalla «svingdørpasientar» - ein kasteball mellom kommune- og spesialisthelsetenesta.

Les også
Budsjettet: Slik føreslår kommunedirektøren å spara inn 10 millionar på helse og velferd

Teama driv treningsgrupper, undervisning både til brukarar, deira pårørande og kollegaer og dei samarbeider tett både med fastlegar og spesialisthelsetenesta. Ein ynskjer å skape tryggleik hos brukarane og deira pårørande, utvikling av sjukdomen vert forseinka, brukarane får høgare livskvalitet og kan bu lengre i eigen heim og innlegging på institusjon vert utsett og/eller unngått. Rett behandling – på rett stad – til rett tid.

Forsking viser at demens, kreft, kols og diabetes er aukande i det norske samfunnet – det same er eldrebefolkninga. Ifølgje våre styresmakter er førebyggjande og helsefremjande tenester retta mot desse sårbare gruppene og deira pårørande, viktige satsingsområde.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Budsjett 2021: Innsparingar på 17 millionar i oppvekstsektoren - dette er forslaga

Kommunane er gjennom ulike lovverk (helse- og omsorgstenestelova, folkehelselova, kommunelova og helsepersonellova) pålagt å satse på helsefremjande og førebyggjande tenester. Ved å leggje til rette for tidleg innsats i utvikling av sjukdom og sosiale problem, inkludert førebygging og tidleg intervensjon, kan ein hindre ei negativ utvikling av helsetilstand, funksjonsevne og sosiale forhold. Samstundes får ein kartlagt befolkninga sitt behov for helse- og omsorgstenester i nær framtid.

Les også
Kuttforslag på fem millionar for stab og fellesområde: - Må tenkja nytt og kreativt
Les også
Fyrste reaksjonen etter budsjettforslaget: — Det er dette som gjer at vi vil sjå på eigedomsskatt!

Fjerning av lågterskeltilboda er på tvers av føringane frå styresmaktene, og uklokt på lengre sikt. Ein mister tilsette med høg kompetanse, erfaring og viktige nettverk knytt både til kommunale og nasjonale tenester, og som det vil ta lang tid å byggje opp igjen. Ikkje minst mister innbyggarane i kommunen førebyggjande og helsefremjande tenester som gjer at dei kan klare å stå i krevjande livssituasjonar og bu heime lengre. Ein av konsekvensane for kommunen blir endå større belastning både på heimetenesta og på institusjonane våre.

God folkehelse er grunnmuren i kommunen vår og kjem ikkje av seg sjølv.

Bjørg A. Sjøbø

Tryggleikssjukepleiar

Sigbjørg Eriksson

Kreftkoordinator