Har ikkje fått vita: Vi har ikkje fått vita resultata av ei slik bygging, ikkje noko om trafikk, regnskog på Reksteren, dyre- og fugleliv, eventuell ulukkesstatistikk, forureining eller veret i framtida. Foto: Statens vegvesen

Godt nytt om brua

I alle år har vi venta på at styresmaktene skulle gi oss grundige undersøkingar av konsekvensane for å byggja ei kolossal bru over eit av dei finaste områda i denne delen av Vestlandet. Desse har ikkje kome.

Planane om Bjørnefjordbrua er snart historie. Det skriv både Jan Gåssand og Kristian Strønen her i Os of Fusaposten, og mange følgjer dei. Tida er inne for eit anna alternativ, brutilhengjarane har gått på tap og er vist plass i baksetet, skriv Egil Haugland, mellom anna.

Dette er godt nytt og er det veljarane i området har kjempa for i mange år. Vi etterlyser likevel fleire moment i denne viktige saka for bjørnefjordsbygdene, saker som burde vore tekne opp i debatten. Dei rokkar ikkje ved det resultatet som så langt ligg føre, men vi synest det er på sin plass å trekkja også desse momenta fram no for å styrkja vedtaket til fylkesutvalet om ikkje å prioritera Hordfast over Bjørnefjorden. Desse momenta handlar om klima, miljø, trafikkgrunnlag, og geografiske og politiske konsekvensar, for å nemna nokre.

I alle år har vi venta på at styresmaktene skulle gi oss grundige undersøkingar av konsekvensane for å byggja ei kolossal bru over eit av dei finaste områda i denne delen av Vestlandet. Men desse har ikkje kome. Vi har ikkje fått vita resultata av ei slik bygging, ikkje noko om trafikk, regnskog på Reksteren, dyre- og fugleliv, eventuell ulukkesstatistikk, forureining, veret i framtida. Vi veit ingenting om kva som vil skje med vasskvaliteten i fjorden når fem store og mange mindre elvar skal tøma vatnet sitt ut i ein fjord med fleire hindringar enn før. Vil ei sterkare blanding av salt- og ferskvatn bli resultatet av ei brubygging i Bjørnafjorden? Vi veit det ikkje, og dei som burde visst det, har kontant stoppa det, slik tidlegare samferdselsminister Dale har gjort.

Trafikken vil auka, det har Vegvesenet sagt, frå 3.000 til 15.000 per dag, på sikt. Ulukkene vil kanskje bli så mange som bortimot 18 store ulukker i løpet av 10 år. Denne auken vil heilt sikkert bli livsfarleg både for Tysnes og eventuelt Fusa-bygdene når brua blir stengd. Vi har aldri fått noka undersøking på desse spørsmåla, vi har heller ikkje fått vita kva som skal gjerast når om lag 400 trailerar og 1.000 til 1.300 personbilar står fast på Stord eller Tysnes når brua blir stengd. For det blir ho. Og kor skal bilane stå? Er det nokon som veit det? Har det vore gjort noka undersøking på det? Og er det nokon som veit kor vegen frå brua skal gå opp frå tunnelen? Nei, det er det så langt ikkje. Skal det vera ei stigning som skal følgja EUs direktiv på 5% eller andre direktiv? Så mange spørsmål.

Vi kunne skriva mykje om dette, etterlysa og etterlysa. Men vi har ikkje blitt spurt. Vi har ikkje blitt spurt om denne bygginga eventuelt ville resultera i ein Bjørnaford som endar som ein Oslofjord utan fisk og andre sjødyr. Fordi nokon som bestemmer meir enn vi andre har villa bestemma annleis enn oss. Så difor er det godt å sjå at draumen brast, draumen for brutilhengjarane er ute, som Egil Haugland har skrive så klokt.

No er det berre å håpa på at Fylkestinget i Vestland følgjer opp og tar ei avgjerd som bergar Bjørnefjorden og gjer eit vedtak om eit val av framtidig E39 mellom Bergen og Stord.

Arne Aarseth

Rolf Aarseth