Tannkost: Eg har mang ein gong kome heim med hundeskit under skoa, og må bruka tannkost for å få det vekk.

Hallo, hundeeigarar! No må de skjerpa dåke!

Det er vemmeleg å slå med kantklippar og få det midt i fleisen.

Kor hen me går, ligg det store hundebæsjar, anten me går etter vegen eller på skogsvegar. Til og med på private eigedomar ligg det store ruer.

Viss de ikkje gidd å ta det opp, så la hunden bæsja heime, så kan de gå tur etterpå.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er vemmeleg å slå med kantklippar og få det midt i fleisen. Eg har mang ein gong kome heim med hundeskit under skoa, og må bruka tannkost for å få det vekk. Det skal vera unødvendig.

Dei får la vera å anskaffa seg hund, dei som ikkje tar ansvar. Dei skulle våre bøtelagde.

Dei får innføra hundeskatt i Bjørnefjorden. Det blir det litt pengar av i kommunekassen.

Skal du på do? Be din venn ta det opp igjen.

Hageeigar