Provoserande: Oppmodinga frå politikarar om å ta ansvar for kvarandre, er direkte provoserande når ein på same tid byggjer ned tilbodet til psykisk sjuke.

Handlingsplanen for sjølvmord: Ope brev til politikarane i Bjørnafjorden kommune

Det skremmer meg at så mange instansar har så lite kunnskap om korleis dei skal møte menneske i krise, og at så mange er redde for å spørje om sjølvmordstankar.

For ei tid attende kom eg over facebookprofilen til nokon som hadde døydd av sjølvmord. I den siste statusen skreiv «hen» at «hen» ikkje orka å leve lenger og takka for seg. Kommentarfeltet under var ikkje overraskande fylt av kjærleik og det som for ein person som er langt nede, kan verke som tomme ord. "Det kjem ein dag i morgon", "Tenk positivt", "Det kjem seg nok", "Stå på".

Likevel var personen død.

Artikkelen held fram under annonsen.

Medan vi har venta på handlingsplanen for sjølvmord i Bjørnafjorden, og gjennom pandemien, har det vore fleire oppmodingar frå politikarar og kommunalt tilsette i media om å snakke om det og å ta vare på kvarandre. "Sjølvmordsførebygging er alle sitt ansvar", seier dei.

Eg har sjølv fått telefon frå ein god venn som ikkje orka å leve lenger. Vedkommande hadde allereie prøvd å ta livet sitt éin gong, men då vi kom på legevakta og møtte ambulant akutteam i den aktuelle kommunen, fekk vi same svar som mange andre som står i ei krise: Sjølvmordsfaren var ikkje akutt nok. Dessutan var det ikkje sannsynleg at venen min ville ha klart å ta livet sitt med metoden «hen» hadde vald. Så då var det berre å stille seg i den fleire månadar lange køen for psykologhjelp. Eller som ein person som er langt nede lett kan høyre; "Prøv litt hardare neste gong".

Som helsepersonell som møter pasientar i krise, er eg nok meir rusta enn mange andre, både til å vurdere sjølvmordsrisiko og å tole å få slike telefonar. Eg veit kvar eg skal ringe for å få hjelp. Men når hjelpa ikkje kjem, kjenner ein seg makteslaus. Burde ikkje mitt ansvar som ven og medmenneske stoppe etter å ha køyrd vennen min til legevakta og vore der med hen gjennom timen som burde ført til at vedkommande fekk akutt helsehjelp?

Ein ynskjer sjølvsagt å stille opp for vener og familie i krise, men som lekfolk, burde ein ikkje ligge vaken om nettene og lure på om ein ven eller eit familiemedlem er i live. Nettverket kan ikkje ende opp med behandlaransvar.

Oppmodinga frå politikarar om å ta ansvar for kvarandre, er direkte provoserande når ein på same tid byggjer ned tilbodet til psykisk sjuke. Det er ikkje medmenneske som ber ein tenke positivt ein treng, når ein ikkje har lyst å leve lenger. Sjølvsagt må vi sjå kvarandre, men helsevesenet må ta ansvar for dei som er så sjuke at dei ikkje har lyst å leve lenger eller går med tankar om å skade seg sjølv. Og aller helst burde ein få hjelp før det kjem så langt. Det er ikkje familie, vener og anna nettverk si oppgåve å behandle alvorleg psykisk sjukdom.

Eit anna viktig moment, er at dei som ber om hjelp får rett hjelp til rett tid når dei står i ei krise. Dei siste åra har eg sjølv trengt psykisk helsehjelp. Åra har mellom anna vore prega av ei livskrise og fleire svangerskaps- og fødselsdepresjonar. Fyrste gong eg ba om hjelp, var då eg var gravid. Då møtte eg jordmor og seinare psykolog. Dei kartla depresjonssymptom og stilte spørsmål kring sjølvmordstankar. Eg kjente meg godt ivareteke.

Verre vart det då vi nokre veker seinare, over halvvegs i svangerskapet, mista barnet, og eg møtte ein kommunal instans som ikkje var rusta til å takle eit menneske i djup sorg og krise.

Kommunens jordmødrer er etter det eg kan sjå berre nemnt ein gong i forslaget til handlingsplan, og for min del verker det særs uklart kva dei eigentleg skal bidra med. Her risikerer ein å miste ei viktig målgruppe, for eg veit av eiga erfaring at det ikkje kjennest naturleg å møte opp på legevakta eller å varsle andre instansar når ein allereie trur at ein blir ivareteke.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter dette har eg fått mykje god hjelp både i og utanfor kommunen. Men det skremmer meg at så mange instansar har så lite kunnskap om korleis dei skal møte menneske i krise, at så mange er redde for å spørje om sjølvmordstankar - og ikkje minst at dei manglar kunnskap om korleis ein skal snakke med folk som treng hjelp.

Etter å ha lese gjennom handlingsplanen er det fleire ting eg saknar:

– Korleis skal ein oppdage og ivareta vaksne med sjølvmordsrisiko? Planen har stort fokus på born og eldre, noko som er bra, men den seier for lite om korleis vaksne (som trass alt er ein stor del av dei som døyr av sjølvmord kvart år) skal ivaretakast.

– Det er ikkje tvil om at det trengst kompetanseheving, noko handlingsplanen òg tilstrebar. Her vil eg særleg trekkje fram forvaltarkontoret som møter mange av dei sjuke vaksne som vert avviste av legevakt og DPS. Behandlingstidene må ned og dei tilsette må få kunnskap om at mange av brukarane er menneske som har det vondt og står i ei krise.

– Noko av det er reagerer mest på med planen, er korleis dette skal løysast økonomisk. Ein legg ikkje opp til vesentleg kostnadsauke, men "det må gjerast prioriteringar av ressursar innanfor einingane sine rammer for å nå måla i handlingsplanen". Om ein vel å prioritere dette arbeidet, vil det gå på bekostning av noko anna. Sjølvmordsførebygging er viktig og må sjølvsagt prioriterast, men eg skulle likt å vite nøyaktig kva som blir nedprioritert. Eg er redd dette vil gå ut over andre sårbare brukarar/pasientar og at prislappen til slutt kan bli høg - økonomisk, men ikkje minst menneskeleg.

– Eg er positiv til tiltaka retta mot vaksne i planen som til dømes "Time i handa". Eg trur dette kan vere til god hjelp og fange opp dei med auka sjølvmordsrisiko tidleg. Men eg saknar meir om kva som skjer seinare i behandlingsforløpet: Til dømes etter at ein er skriven ut frå DPS og plutseleg står i ein «evig lang» kø for vidare oppfølging i kommunen. Behandlingstidene for vidare helsehjelp i kommunen må ned.

Brevet blir publisert anonymt av omsyn til personvern om eiga helse, men Os & Fusaposten kjenner innsendaren sin identitet.

Lesarbrevet er basert på eit høyringsinnspel til handlingsplanen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bekymra bjørnafjording