Klima: Det er med glede vi også har sett ekstra fokus på klimabudsjett.

Har saman funne rom for å laga eit varmt budsjett

Vi i Miljøpartiet Dei Grøne er glade for at vi kan presentera eit samarbeidsbudsjett som vi alle er nøgde med.

Til tross for ei vanskeleg tid både med pandemi og med kommunen i ein tøff økonomisk situasjon har vi saman funne rom for å laga eit varmt budsjett som tar vare på dei av innbyggjarane våre som treng det mest. Sjølv har eg blitt kontakta av fleire uroa innbyggjarar og organisasjonar som har ønskt at vi skal vidareføra dei viktige stillingane i helsesektoren som har vore diskutert mykje i media.

Vi er stolte av å ikkje berre vidareføra bonusløn og VTA-plassar på ASVO, men også auka aktiviteten i Bjørnafjorden ASVO. Dette er alle gode og viktige tilbod som heile kommunen nyttar godt av.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kommunen treng ein fagansvarleg som skal ha som hovudoppgåve å arbeida med klima- og miljø. Denne nye stillinga skal bistå alle sektorar og einingar i kommunen og bør difor vera ein del av den sentrale staben til kommunedirektøren. I tillegg kan denne stillinga henta inn tilskot frå stat og fylkeskommune til gode prosjekt i kommunen.

Det er med glede vi også har sett ekstra fokus på klimabudsjett. Her ligg det no inne klare forventningar om eit godt stykke arbeid på dette området. Alle kommunar kjem til å gå tøffe tider i møte med klimaendringane og det er viktig for oss at vi på kommunalt hald arbeider målbevisst med både utsleppskutt og førebyggjande arbeid i forhold til desse utfordringane.

Vi er òg glade for at vi legg til midlar til forsøk på leksefri skule og at vi skal satsa på det flotte prosjektet Guttas campus. Alle elevane våre er enkeltindivid og i tillegg til å sjå heilskapleg på skulen, må vi ha rom og evne til å sjå det enkelte barnet eller ungdommen. Her trur vi prosjektet Guttas campus er eit godt tilskot.

Det skal utarbeidast ein strategi for solenergi for dei kommunale bygga våre. Det gjev på sikt både innsparing på klimagassutslepp og økonomi.

Det er spanande å jobba med eit stort budsjett for ein stor og ny kommune. På denne måten blir vi politikarar betre kjent med heile kommunen. Det er lærerikt og kjekt! Vi veit at det er mange flotte bygder og stader folk bur på i denne vakre kommunen og vi har difor sett av 12 millionar til arbeidet med Liv i Bjørnafjorden for å sikra at vi får til gode tiltak i heile Bjørnafjorden kommune.

Trafikksikring har endeleg fått høg prioritering i kommunebudsjettet, og vi i MDG er glade for at vi no skal få jobba skikkeleg med å få sikra dei mjuke trafikantane våre, slik at vi alle kan få ein trygg og god veg til jobb og skule.

Tina Bøe Buer

MDG