Budsjett: Terje Søviknes (Frp) og Marie Bruarøy (H) kritiserer posisjonen for å villa bruka for mykje pengar.

Har samarbeidspartia tatt inn over seg den økonomiske situasjonen kommunen er i?

Har ein ikkje lytta til det økonomisjef Ingrid Karin Kaalaas og kommunedirektør Christian F. Fotland har sagt på inn- og utpust det siste året?

Tysdag 15.desember skal Bjørnafjorden kommunestyre vedta Budsjett 2021 / Økonomiplan 2021-24. I bordet ligg kommunedirektøren si tilråding, og fire alternative budsjett frå høvesvis Ap/Sp/MDG/KrF, Frp/H, SV og Uavhengig. Dei to siste alternative går vi ikkje nærare inn på her, men dei andre budsjetta fortener ein gjennomgang.

Les også
Kommunedirektøren om budsjettet: — Det kjem til å gjera vondt
Les også
Posisjonens budsjettforslag: Eit tydeleg signal om heller å nedbemanna administrasjonen

Kommunedirektøren legg i sitt framlegg opp til 90 millionar kroner i kostnadsreduksjonar fordelt på 2021 og -22. I tillegg kuttar han i ei rekkje investeringsprosjekt for å redusere lånegjelda. Kutta skal takast i Bjørnafjorden 22-prosjektet, og målet er at kommunen skal ha ein sunn økonomi ved utgangen av 2022.

Artikkelen held fram under annonsen.

Frp/H er samd i kommunedirektøren si tilnærming om å redusera kostnadane med 90 mill. kroner, men meiner at ein større del av kutta allereie no burde vore tatt i administrative funksjonar framfor kutt i tenestetilboda til innbyggjarane.

Dette kjem også fram i Frp/H sitt alternative budsjett der vi mellom anna har skjerma kreft-, kols- og diabetesteama, kreftkoordinator og tryggleikssjukepleiar. I tillegg har vi funne rom for innkjøp av digitale læremiddel til alle elevar i grunnskulen (Chromebook), samt 2 millionar kroner i ekstra tilskot til frivillig sektor i 2021. Tilskot til Bjørnafjorden Næringsråd og Visit Bjørnafjord er også vidareført for å stø opp om næringslivet i ei krevjande tid der mange verksemder er hardt råka av koronapandemien.

I investeringsbudsjettet har Frp/H utsatt ei kostbar utviding av gravplassen på Nore Neset, og lagt opp til ei mindre utbygging av urnegraver på Kuventræ og Nore Neset gravplassar. Dette gjev i sin tur rom for å investera i permanent base for Open omsorg og hjelpemiddelsentralen på Lurane. I tillegg er investeringane i vass- og avlaupsanlegg redusert frå 80 til 60 mill. kroner per år. I sum er investeringane i økonomiplanperioden redusert med 70 mill. kroner i høve kommunedirektøren sitt framlegg, noko som på sikt gjev lågare lånegjeld for kommunen.

Alt i alt har Frp/H levert eit svært nøkternt budsjett, tilpassa den økonomiske situasjonen kommunen står i.

Det same kan vi diverre ikkje sei om samarbeidspartia Ap/Sp/MDG/KrF sitt budsjett. Prisverdig nok har dei òg skjerma dei førebyggjande helsetenestene, men i tillegg har dei lagt inn fleire nye stillingar i driftsbudsjettet. Dette gjeld m.a. ei ny stilling som klima- og miljørettleiar. Dette harmonerer dårleg med at kommunen er inne i ein prosess der vi skal kutta fleire titals årsverk i organisasjonen dei neste to åra.

Den største utfordringa ligg likevel i at Ap/Sp/MDG/KrF dekkjer inn auka driftskostnader med forventa auke i skatteinngangen på 6 millionar kroner for 2021. I lys av koronapandemien og auka arbeidsløyse, er dette lite realistisk. Truleg vil kommunen få redusert skatteinngang også i 2021, som vi har fått det i 2020 pga koronapandemien.

I tillegg aukar samarbeidspartia investeringane, og dermed lånegjelda, med ca 100 millionar i fireårsperioden. Renter og avdrag på desse låna er heller ikkje akkumulert i driftsbudsjettet som dei la fram i formannskapet 1. desember. I slutten av fireårsperioden vil 100 millionar kroner i ekstra lånegjeld gje ca 6 millionar årleg i auka rente- og avdragskostnader. Dette må igjen dekkjast over driftsbudsjetta, og kjem på toppen av kommunedirektøren sine kutt på 90 mill kr. Bjørnafjorden 22-prosjektet vert med dette enda meir krevjande.

I sum er vi i Frp/H undrande til om samarbeidspartia Ap/Sp/MDG/KrF har tatt inn over seg den økonomiske situasjonen som Bjørnafjorden kommune er i.

Artikkelen held fram under annonsen.

Har ein ikkje lytta til det økonomisjef Ingrid Karin Kaalaas og kommunedirektør Christian F. Fotland har sagt på inn- og utpust det siste året? Om behov for kostnadskutt og lågare investeringsnivå? Og korleis skal dei tilsette, som no står midt i ein nedbemannings- og kuttprosess, tolka at samarbeidspartia samtidig auka kostnadane med nye stillingar og auka lånegjeld?

Budsjettarbeid er krevjande, og representantar for Ap/Sp/MDG/KrF vil garantert gå i forsvar for det fellesbudsjettet dei har lagt fram. Alle partia har tydelegvis fått gjennomslag for nokre av sine hjartesaker. 1000-kroners spørsmålet er om kostnaden samla sett vert for høg?

Har kommunen, no midt i Bjørnafjorden 22-prosjektet, verkeleg råd til eit så ekspansivt budsjett? Og er det taktisk klokt?

Det må vera lov å stilla spørsmålet før kommunestyret gjer sitt endelege vedtak på tysdag.

Terje Søviknes (Frp)

Marie E. Bruarøy (H)