Alt i alt: Alt i alt trur eg vi er best tente med å gjennomføra ein prosess for å sjå på mogelegheitene for om Holmefjord kan bli ein del av Samnanger.

Har vi ei framtid i Bjørnafjorden?

Langt på veg kan ein sikkert seia at vi er blindtarmen på den kommunale kroppen som heiter Bjørnafjorden.

I denne mørke førjulstida er den årlege øvinga med kommunale budsjett i full gang. Nedskjeringar og kutt går igjen, i år som i fjor, og åra før det igjen.

Men i år er det ein alvorleg undertone i det vi kan lese oss til om økonomiske langtidsplanen. Store kutt i bibiliotektilbodet og ikkje minst i skulestrukturen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er lett å bli pessimist då, når ein sit på feil side av fjorden og i tillegg må betala blodprisar for elektrisk kraft.

Er det grunn til å feira at vi no har hatt sambuarskap med osingane i fem år?

Eg tur vel at dei aller fleste vil svare nei. Det er dessverre ingen grunn til å feira, men samstundes trur eg og at dei aller fleste også innser at gamle Fusa kommune ikkje vil oppstå frå dei døde.

Det var heller ingen dans på roser, med gamle sår frå samanslåinga av Fusa, Hålandsdal og Strandvik som ikkje ville gro.

Eg bur i det som no heiter Ådlandsfjorden skulekrins. Langt på veg kan ein sikkert seia at vi er bilndtarmen på den kommunale kroppen som heiter Bjørnafjorden. Alle har høyrd om bindtarmen, men veit ikkje heilt sikkert kor han er, eller kvifor vi har han.

«Men er ikke det langt inne i Gokk?», var det litt oppgitte svaret eg fekk frå ein kommunal tilsett då eg hadde prøvd å forklara han kor Ådland låg.

Sett frå Osøyro er det sjølvsagt vanskeleg å orientera seg innerst i Ådlandsfjorden, eller inne i Gokk, og då blir mitt spørsmål – er dette slik vi vil ha det?

Svaret er eit eintydig nei! Vi bør kutta blindtarmen av Bjørnafjorden og vende oss mot Samnanger.

Artikkelen held fram under annonsen.

Krinsen har alltid hatt eit nært tilhøve til Samnanger. Det er vel nesten ikkje ein husstand her som ikkje har meir eller mindre nære slektningar i nabokommunen.

Dei fleste verksemdene her har tilsette som pendlar frå Samnanger. Skulen har lenge hatt fleirtalet av sine tilsette frå Samnanger. Vår veg ut i verda går gjennom Samnanger.

Nyevegen mellom Os og Bergen er heilt uinteressant for oss. Reisetid til Osøyro er omlag ein time på dårlege vegar, der vi halve tida køyrer gjennom Samnanger.

Slik kan vi halda fram å argumentera for at krinsen høyrer til i Samnanger.

Men er alt bra i Samnanger? Sikkert ikkje, dei har mellom anna eigedomsskatt, og er ein liten kommune med dei problem det kan føra med seg. Men eg er overtydd om at vi til dømes vil ha mykje større sjanse for å halde på skulen om vi gjer dette.

Vi kjem på ein måte meir til likesinna, utan å måtta kjenna på eit mindreverdkompleks ovanfor storebror i Os.

Så kan ein spørja om Samnanger vil ha oss?Ja, det veit vi sjølsagt ikkje heilt sikkert, men det trur eg det går an å finna svar på.

Er ei slik grensejustering mogeleg? Ja, det er ingenting i kommunelova som skulle tilseia at det ikkje går an å få det til.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mykje tyder på at Bjørnafjorden kommune ikkje er særleg interessert i i halda på oss heller. Ta til dømes den haldninga kommunen viser i Strandvik med omsyn på å gjera ferdig ein reguleringsplan som har vore på ørkenvandring i årevis. Det kostar å gjera han ferdig, men det er ikkje interesse og vilje i administrasjonen til det.

Det nye gebyrregulativet gjer det og svært vanskeleg å få ting til å fungera i vårt område. Ta til dømes 85% auke i gebyr for dispensasjonar! Det vil i stor grad påverka oss, der store delar av arealet er LNF-område, og der berre små område er regulerte i godkjende planar.

Alt i alt trur eg vi er best tente med å gjennomføra ein prosess for å sjå på mogelegheitene for om 5642 Holmefjord kan bli ein del av Samnanger kommune.

Med julehelsing

Helge Ådland