Påminning frå ordføraren: Ordførar Trine Lindborg gjev kommunens innbyggjarar nokre kloke ord om korleis me skal unngå at covid-19 blussar opp i kommunen her igjen.

Helsing frå ordførar Trine Lindborg: Følg smitteråda!

Sommarferien er på hell, og nasjonalt ser vi dessverre ei auke i smittetala. Dette er bekymringsfullt og noko vi tar på største alvor.

Vi må halda fram dugnaden, alle mann. Heldigvis er det tydeleg at vi bjørnafjordingar stiller opp på denne spesielle dugnaden. Dei første smittetilfella i kommunen vår på fire månader var smitta i utlandet. Dei to som var smitta gjorde akkurat som dei skulle for å ikkje smitta andre – og dermed førte ikkje dette tilfellet til eit større utbrot i Bjørnafjorden kommune. Smitten blei stansa og kan ikkje spreia seg vidare til andre.

Følg smittevernråda!

Og det er nettopp det vi skal halde fram å gjera. Vi skal hindra koronaviruset i å spreia seg. Det gjer vi ved å halda fram med å følgje smittevernråda:

Artikkelen held fram under annonsen.

Hald avstand, vask hendene godt og ofte, hald deg heime dersom du ikkje er heilt frisk. Trur du at du kan vere smitta, test deg. Medan du ventar på testresultatet, skal du halda deg i karantene.

Her kan du lese meir om testing og anna koronarelatert informasjon for Bjørnafjorden:

Dette gjeld oss alle

Målet med dugnaden er å beskytta dei som står i fare for å bli alvorleg sjuke om dei skulle bli smitta av koronaviruset, og samstundes syta for at helsevesenet vårt har kapasitet til å ta seg av alle som treng det, uavhengig av diagnose. Det er alvor, og det gjeld oss alle.

Vi ønskjer ikkje å stenga samfunnet att. Vi vil halda skulane og barnehagane opne, la barn og unge få driva med fritidsaktivitetar, halda næringslivet i gang og framleis kunna ta imot besøk på sjukeheimane våre. Då må vi halda fram å vera like flinke som vi har vore til no.

Gjer det med eit smil!

Ta vare på deg sjølv. Det er ikkje alt som er lurt sjølv om det er lov.

Det er òg greitt å minna andre på at det er lov å bruke hovudet. Men kanskje vi skal prøva å gjera det med eit smil?

Trine Lindborg

Artikkelen held fram under annonsen.

Ordførar i Bjørnafjorden kommune