Miljø og helse: Eg håpar at fleire no får lyst til å ta sykkelen meir i bruk, til beste for miljø og eiga helse.

Hiv deg på pedalane!

Mange som har sine daglege gjeremål på Os, bur i rimeleg sykkelavstand, men det er jo nokre hindringar på vegen.

I Os & Fusaposten 22. september kunne vi lesa at Miljøløftets nasjonale sykkelsatsing hadde vore på vitjing på Os. Eit flott stunt, og eg håpar at fleire no får lyst til å ta sykkelen meir i bruk, til beste for miljø og eiga helse. Mange som har sine daglege gjeremål på Os, bur i rimeleg sykkelavstand, men det er jo nokre hindringar på vegen. Dørstokkmila må kvar og ein kjempa seg gjennom, men artikkelen peikar på at det kan bli betre tilrettelagt for å erstatta den daglege bilturen med sykkel.

Les også
Meiner framkomstmiddel som dette hadde gjort underverk for parkeringssituasjonen på Øyro

Trygg sykkelparkering under tak bør vera sjølvsagt som del av eit nytt parkeringsanlegg. Ei fullgod løysing er eit sykkelhotell, som vi t.d. finn på Bergen stasjon, der Bane Nor står for drifta. Ved å teikna eit rimeleg abonnement kan sykkelen låsast inn i eit kameraovervaka lokale vha. mobiltelefonen. Dessverre skjer det ein del sykkeltjuveri, så ein slik kontroll ser ut til å vera nødvendig.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sykkelvegar finst det jo heller ikkje i Os, og så vidt eg har funne ut, legg heller ikkje kommunale planar opp til at slike tiltak skal gjennomførast. Blanding av fotgjengarar og syklistar på gang- og sykkelvegar eller fortau, fungerer dårleg. I regional klimaplan for Hordaland 2010-2020 finn vi under Delmål Sykkel, følgjande retningsline for planlegging: «Sikre areal for sykkelvegar. Gjennom kommunal planlegging skal det sikrast areal for separate og samanhengande sykkelvegar i ein avstand på minst 5 km ut frå lokalsenter og kommunesenter». Det er underleg at det kommunale planverket ikkje har tatt omsyn til dette. Eg tok også opp dette på vegner av Os SV då eg møtte i kommunestyret for ti år sidan, utan at det utløyste øyredøyvande jubel då eg gjekk ned att frå talarstolen.

Når no alle lokale parti, inkludert sjølvaste tut-og-køyrpartiet, har programfesta satsing på sykkel, reknar eg med at dette vert rydda opp i ved første planrevisjon. Fusa-delen av kommunen må heller ikkje gløymast.

I artikkelen ser eg elles at MDG-politikar Nils-Anders Nøttseter vurderer å skaffa seg el-sykkel slik at han kan sykla til jobben i Bergen. Eit bra tiltak, men treningseffekten av å sykla over Vallaheiane til jobb blir jo best utan hjelpemotor. Her snakkar eg av mange års erfaring; ikkje for å skryta, sjølvsagt. Og du er jo ein ung og sprek mann, Nils-Anders!

Inge Hjertaas

Hagavik

Sykkelsosialist