Krev stans: Roald Kvamme er sakshandsamar for samferdsle i Norges Miljøvernforbund.

Hordfast - det største og mest alvorlige naturinngrepet i moderne tid!

Det er ei sterk og samla miljørørsle med mange ti-tusen medlemmar og støttespelarar i ryggen, som krev stans i arbeidet med Hordfast.

Norges Miljøvernforbund ynskjer å kommentera innlegget om Hordfast den 21.juli som er signert Ap sine ordførarar/varaordførar i Sunnhordland.

Les også
Hordfast kjem!

Her slår ein fast at motorvegprosjektet Hordfast kjem. Det vert mellom anna synt til eit avisinnlegg frå utbyggingsdirektøren i SVV som peikar på dei store samfunnsøkonomiske verknadene det vil ha å knytte Sør-Vestlandet saman gjennom å redusere reisetida mellom Stavanger og Bergen.

Artikkelen held fram under annonsen.

I tillegg fryktar dei at Sunnhordland i framtida vil bli trekt sterkare mot Rogaland på kostnad av Bergen dersom Hordfast ikkje vert bygd. Ei nokså tynn grunngjeving sett i lys av dei store utfordringane me som fellesskap står framføre i åra som kjem.

Vanvittig prosjekt

Innlegget føyer seg inn i det som etter kvart er eit mønster frå tilhengjarane av dette vanvittige prosjektet, det er totalt utan reservasjonar mot dei enorme naturøydeleggingane utbygginga vil medføra. I tillegg vil eg nemna ein galopperande kostnadsvekst og at dette prosjektet vil skyva andre og langt viktigare samferdselsprosjekt ut i tid.

Ein firefelts motorveg skal brøyta seg gjennom eit unikt kystlandskap og sjeldan og raudlista natur på Stord, Tysnes og Os.

Berre på Tysnes øydelegg motorvegen areal som tilsvarer meir enn 300 fotballbaner med natur og matjord. Statsforvaltaren si oppsummering av det ein førebels har kartlagt av naturmangfald, seier:

«Det er registrert totalt 240 naturtypelokalitetar fordelt på 19 ulike naturtypar innanfor planområdet for den statlege reguleringsplanen. Naturtypane fordeler seg på mellom anna på 68 kystmyrar, 33 boreonemorale regnskogar og 22 rike sumpskogar, alle trua naturtypar som er svært sårbare for inngrep i nærområdet.

Tyngdepunktet av trua naturførekomstar er på Tysnes på strekninga frå Søreid til nordenden av Reksteren. Heile 30 boreonemorale regnskogar, 38 kystmyrar og 8 rike sumpskogar er lokalisert på denne strekninga.

Vidare er det gjort totalt 375 registreringar av trua artar (raudlistestatus 2021: CR, EN eller VU) innafor planområdet på strekninga Søreid-Gjøvåg på Tysnes. Registreringane er fordelt på 30 trua artar. Storparten av artane er knytt til boreonemoral regnskog som vi har eit internasjonalt forvaltaransvar for.

Planområdet inneheld naturtypar og artar som er klart innanfor dei nasjonale interessene som Statsforvaltaren skal ivareta etter T-2/16 Nasjonale og vesentlige regionale interesser på miljøområdet – klargjøring av miljøforvaltningens innsigelsespraksis».

Artikkelen held fram under annonsen.

I tillegg kjem nye kartleggingar av kulturminne som fylkeskommunen no gjennomfører i den planlagte vegtraseen. Her er det allereie tidleg i kartlegginga avdekka verdfulle kulturminner heilt attende til steinalderen.

Dette må stoppast

Aldri før har Norge bygd eller førebudd bygging, av eit så gedigent anlegg med 4-felts motorveg med så enorme negative konsekvensar for naturmangfald. Dette skjer til tross for at Norge har slutta seg til FNs bærekraftsmål og dei sterke oppmodingane frå FNs naturpanel om å stoppe artsutryddinga i verda.

Situasjonen er svært alvorleg. Over 70 prosent av naturområda på land, og nesten like mykje i havet, er forringa. 25 prosent av alle artar på jorda er truga. Ein million artar står i akutt fare for å bli utrydda. Vi har ei stor naturkrise, i like stor grad som vi har ei klimakrise.

Her i landet er vi komne i den utrulege situasjonen at både laksen og villreinen er hamna på raudlista – det er på høg tid å reagera! Den raudgrøne regjeringa har gått høgt på bana og vore krystallklar på at «omsynet til klima og natur skal vera ramma rundt all politikk». I Norge er arealtap ved vegbygging ei vesentleg årsak til å undergrava regjeringas og FNs bærekraftsmål, difor må dette mest naturøydeleggjande prosjektet i moderne tid stoppast no!

Hinsides kostnadsvekst

I tillegg til naturøydelegginga har Hordfast eit absurd mål om mangedobling av biltrafikken. Ambisjonane om kraftig trafikkauke og utvida bu- og arbeidsområde (økt pendling) er i direkte strid med andre samfunnsmål om nullvekst i biltrafikken og regjeringa sine krav til kommunale og regionale arealplaner som skal bidra til mindre pendling.

Ingen har i dag full oversikt over dei enorme kostnadene Hordfast og den vidare vegutbygginga mot Stavanger vil påføra fellesskapet. Merk at Konseptvalutgreiinga (KVU) frå 2012 som var grunnlaget for Høgreregjeringa sitt val av trase i 2013 med flytebru over Bjørnafjorden og trase over Tysnes, omfatta strekninga Aksdal (ved Haugesund)-Svegatjørn (Os). Kostnaden for heile strekninga var den gang berekna til om lag 20 mrd.

Hordfast slik vi kjenner det i dag (Stord-Os) er under halvparten av denne strekninga og kostnadsanslaget er førebels over 40 mrd. Kostnadsanslaget for heile strekninga Aksdal-Svegatjørn er pr.d.d. nær 70 mrd, ein hinsides kostnadsvekst.

Ikkje til å lita på

Den sikraste kunnskapen vi har om gigantprosjekta for veg er at kostnadsoverslaga ikkje er til å lita på.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hordfast er det desidert dyraste vegprosjektet i NTP gjennom alle tider. Og etter alle solomerker sprekk budsjettet: Motorvegen fra Rådal til Os skulle i 2011 kosta 4,3 milliardar (tilsvara 6 milliardar 2021 kroner, inklusiv endring i momsregler) men sluttsummen ser ut til å enda på nærare 10 mrd.

Lengre sør sprekk Rogfast gang på gang. I 2012, før reguleringsplanen for Rogfast var ferdig – altså der Hordfast-prosjektet er no – vart utgiftene berekna til 10,2 milliardar (ca 14,2 mrd i 2021 kroner). I 2020 (etter nye sprekker og utsetjingar) vedtok Stortinget ei øvre ramme på vel 24 milliardar. Men meir overskridingar er i vente etter at det vart kjent at byggetida auka med ytterligare to år, til 12 år!

Same mønster ser vi i Sotrasambandet som no er nær 20 mrd, og strekninga er mindre enn ¼ av Hordfast. Sprekk Hordfast tilsvarande som Rådal-Os, Rogfast eller Sotrasambandet så snakkar vi om byggekostnadar i ein storleik på 60-80 milliardar, og då er det ikkje tatt omsyn til den enorme prisveksten vi har sett i anleggsbransjen det siste året.

Industrien og verdiskapinga på Vestlandet er i dag særs lønsam. Den største utfordringa for næringsliv og innbyggjarar i dette fylket er eit vegnett med svært høg rasfare, som manglar vedlikehald og der store deler er utan gul stripe. Landet har ikkje uavgrensa med ressursar, og meir pengar til rådyre fjordkryssingar betyr sjølvsagt mindre pengar til anna oppgradering, vedlikehald og rassikring.

Ei grov overdriving

Pådrivarane for Hordfast hevdar at dette er av dei mest «lønsame» prosjekta i NTP (Nasjonal transportplan). Dette er mildt sagt ei grov overdriving. I NTP er Hordfast omtalt med ein netto samfunnsnytte på 1,8 mrd og netto nytte pr. budsjettkrone er svakt positiv.

Dette var før ein la fram nye tal på kostnadsauke til over 40 mrd. og sluttrekninga stoggar neppe her! Merk at i dette reknestykket er verdien av natur, friluftsliv, landskap og kulturminner sett til null!!!! Natur og miljø har ingen verdi i det som så fint heiter «samfunnsøkonomisk nytte».

Det er ei sterk og samla miljørørsle med mange ti-tusen medlemmar og støttespelarar i ryggen, som krev stans i arbeidet med Hordfast. No må regjeringa ta ansvar å stå ved sine løfter om at ingen artar eller naturtypar skal gå tapt og Stortinget må syta for at det vert sett stopp for dette «gyselige» prosjektet.

Norges Miljøvernforbund

Artikkelen held fram under annonsen.

Roald Kvamme, sakshandsamar samferdsle.