Nasjonal regulering: Vi er alle opptatt av å ta vare på hummarbestanden, men det må gjerast gjennom nasjonal regulering av fisket.

Hummarfredingsprosess på villspor

Dette er eit svært inngripande tiltak overfor lokalbefolkninga på Vinnes og i Søre Øyane.

Eit fleirtal i Bjørnafjorden kommunestyre gjekk 6. mai 2021 inn for å be administrasjonen om å leggja fram ei sak om «eventuell etablering av hummerreservater i Bjørnafjorden kommune i samråd med aktuelle aktørar».

I januar kom administrasjonen med framlegg om å etablera to fredningsområde, eitt på Vinnes og eitt i Søre Øyane. I fredningsområda vert det totalforbod mot bruk av all fastståande reiskap gjennom heile året, i første omgang for ein periode for 12 år. Det betyr forbod mot alle typar garn, ruser, teiner og liner. Fiskestang og snøre vert einaste lovlege reiskapen i desse områda. Yrkesfiskarane vert også utestengde frå fredningsområda.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dette er eit svært inngripande tiltak overfor lokalbefolkninga på Vinnes og i Søre Øyane. Fiske, fangst og matauk er ein viktig del av kystkulturen vår, og er eit fredingsområde først etablert, er det all grunn til å tru at det vil gjelda til evig tid. Kva vil det bety for til dømes barn og unge på Vinnes og i Søre Øyane sin moglegheit til å læra seg fiske og fangst i nærmiljøet? I Øyane har vi t.d. ein naturbarnehage med fokus på bruk av sjøen.

For Fremskrittspartiet er dette ikkje akseptabelt. Vi vil difor gå imot innføring av eigne fredningsområde for hummar i Bjørnafjorden kommune.

Ikkje vegen å gå: Å avskjera store lokalsamfunn, som på Vinnes og i Søre Øyane, frå alt fiske i sine nærområde, er ikkje vegen å gå.

Vi er alle opptatt av å ta vare på hummarbestanden, men etter Frps syn, må det gjerast gjennom nasjonal regulering av fisket. Minstemål på 25 cm for hummar, utkast av rognhummar, krav om rømmingsvegar og råtnetråd i teinene, maks 10 teiner pr person og tidavgrensa fiske har allereie gitt gode resultat. Å avskjera store lokalsamfunn, som på Vinnes og i Søre Øyane, frå alt fiske i sine nærområde, er ikkje vegen å gå.

Ein kan også stilla spørsmål ved prosessen for utpeiking av eventuelle fredingsområde. Det lokale fiskarlaget var tydelegvis ikkje definert «som aktuell aktør», og tatt med på råd i høve utveljing av område.

Fiskeridirektoratet har også bede om at det vert gjennomført ei lokal høyring av saka før dei får oversendt eventuelle forslag til fredingsområde. Slik høyring skal no gjennomførast fram til 1.mai. Då ville det vore naturleg at Plan- og bygningsrådet siste veke, og kommunestyret 31.mars, vedtok å senda forslaget til fredingsområde ut på høyring utan å realitetshandsama forslaga. Slik gjer vi det i alle andre saker, t.d. i plansaker, som skal på høyring. Først høyrer vi innbyggjarane og andre aktørar med interesse i saka, deretter fattar ein vedtak.

I den politiske saka som no ligg til handsaming i mars, er innstillinga at «Kommunestyret gjer vedtak om å oppretta fredingsområde for hummar på Vinnes og Røtinga i Bjørnafjorden kommune i samsvar med kartillustrasjon i saka.» Det står ingenting i vedtaket om at framlegget skal sendast på høyring.

Får vi då ein reell høyringsprosess? Eller er høyringa berre ein skinprosess?

Ein av verdiane til Bjørnafjorden kommune er at vi lytta med respekt. For Frp er det difor overraskande at Ap, H, Sp, SV og MDG utan vidare stemte for innstillinga frå administrasjonen i Plan- og bygningsrådet sitt møte 16. mars. Bjørnafjorden Frp røysta i mot, og vonar at fleirtalet i kommunestyret gjer det same i møte 31.mars.

Artikkelen held fram under annonsen.

Terje Søviknes

Gruppeleiar

Bjørnafjorden Frp