Håpar på oppmjuking: Eg har forstått det slik at dei generelle retningslinjene kanskje vil bli mjuka opp, slik at det før påske vil bli gjort noko med denne problemstillinga.

Hytteeigar: - Forskjell på Bjørnafjorden og store hyttekommunar

Eg er eigar av ei hytte i Bjørnafjorden kommune, og må seia at eg synest det var litt spesielt å få eit SMS-varsel frå kommunaldirektøren om at eg ikkje måtte opphalda meg i kommunen.

Eg forstår sjølvsagt problemet der ein har mellom 20.000 og 30.000 hytter i kommunen og der det samstundes er lang veg attende til eigen kommune, slik som i Hemsedal, Geilo, Hafjell-området og i Ringsaker kommune (Sjusjøen-området).

Artikkelen held fram under annonsen.

Eg meiner det er en viss skilnad på problemet i dei nemnde kommunane og i Bjørnafjorden kommune. For det fyrste er det kort veg frå Fusa og Os attende til eigen kommune, som for dei fleste er Bergen, og ein kan dermed raskt dra attende til Bergen om ein blir sjuk.

For det andre må hyttemengda i Bjørnafjorden kommune vera vesentleg mindre enn i dei nemnde kommunane. Det som kan skapa bekymring for Bjørnafjorden kommune, er at vi hytteeigarar kan koma inn i kommunen og smitta kommunens innbyggjarar. Sjølvsagt kan det vera ei fare for det, men det kan og vera fare for at det vert smitta noko andre vegen og.

Sjølv om Osøyro og Eikelandsosen har bra med butikkar, er det nok en viss handelslekkasje ut av kommunen. Ein del frå Bjørnafjorden tek seg nok en tur til Bergen og innimellom.

Eg har forstått det slik at dei generelle retningslinjene kanskje vil bli mjuka opp, slik at det før påske vil bli gjort noko med denne problemstillinga, og at vi som har hytte i kommunen, kan få lov til å overnatta der i påskehelga.

Vi må alle sjølvsagt visa den varsemda som dei generelle reglane krev med avstand til andre og handhygiene.

Sigfred Rosvold

Utflytta fusabygding