Har varsla utviding: Statens vegvesen ønskjer å etablera ein anleggsveg på sørsida av Ulvenvatnet. Dermed må planområdet for Hordfast utvidast.

Ikkje rasér vårt grunnlag for livskvalitet

Vi kan ikkje forstå at naturverdiar skal gå tapt når det, slik vi ser det, finst andre moglegheiter.

“Einige og tru til Dovre fell” ble avlagt som eid på Eidsvoll 1814. Dovrefjell representerte det evige, uforanderlige, trygge og grunnlovsfesta.

Les også
Varslar utviding av planområdet ved Ulvenvatnet. No ber vegvesenet om innspel
Les også
– Kan bli del av eit framtidig turvegsystem

Det er å strekkja det litt langt å kalle Liafjellet for Bjørnafjordinganes ‘Dovre’, men det er eit svært viktig og ofte kortreist område for friluftsliv for mange i kommunen. Dette tross mange andre bruksområde som steinbrot, kloakkrensing og Forsvarets aktivitet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei som søkjer mot skogen kan framleis gå vest om Havrheia til tjørna for å unngå å sjå det siste “såret” i terrenget: Den nye skogsvegen frå pumpehuset og oppover.

Alt dette vert småplukk om den nye anleggsvegen som er foreslått, faktisk vert bygd - ein anleggsveg over Liafjellet.

Med ein anleggsveg med typisk 7-8 meter breidde og det sidebratte terrenget ein ønskjer å dra gjennom, kan ein forventa +/- 15 meter breidde med høge skjeringar og fyllingar. Dette vil gjera heile området og omliggjande område ubrukeleg til turbruk, jakt, sanking og andre helsebringande formål i tiltenkt periode og truleg lang tid etter.

Vi som nyttar området til orientering med kart og kompass, med flunkande nytt (og dyrt) kart produsert av TIF Viking, kan skravera det heile med raudt. Det står for ‘Ikkje farbart’. Så kan ein sjølv tenkja kva farge dyr og anna fauna vil skravera med.

Vi kan ikkje forstå at naturverdiar skal gå tapt når det, slik vi ser det, finst andre moglegheiter. Vi minner om den politiske semja om at vi er inne i ei naturkrise, som primært handlar om tap av leveområde for artar og redusert verdi av eksisterande økosystem. Dette inngrepet går heilt på tvers av det som er i tråd med å hindra ei eskalering av naturkrisa.

At våre fjell er evige og uforanderlige er nok ein naiv tanke i 2024. Utgangspunktet for felles gevinst med eksisterande knuseverk i Ådnadalen er også sikkert til stades isolert sett.

Sjå gjerne på andre moglegheiter, for å få dette til, som til dømes eit tverrslag frå steinknuseverket direkte inn til tunnelane for eventuell ny E39. Dette vil gje betydeleg mindre terrenginngrep, truleg meir effektiv anleggsdrift (rigg-område i Ådnadalen) og tilsvarande gevinst.

Men, ikkje rasér vårt grunnlag for livskvalitet, takk.

Artikkelen held fram under annonsen.

Steinar Danielsen

Os Orienteringsklubb

Ørjan Totland

TIF Viking Orientering