Skal ikkje ha dårleg samvit: Ingen tilsette med symptom skal kjenna på dårleg samvit for at dei følgjer smittevernreglane. Foto: Benjamin Søgnen Olsen

— Ingen er uunnverlege viss ein kan smitta andre!

Framleis er vi midt i ein pandemi i Noreg, og det er eit stykke igjen til mål.

Kjære Kjersti Ellingsen.

Eg forstår godt at de er slitne, alle kvardagsheltane som sørgjer for at barna våre har ein trygg og god kvardag, og at kvar enkelt tilsett er sårt sakna om dei ikkje kjem på arbeid grunna symptom og sjukdom. Dette merkast godt i mange yrke, og det må vera utruleg vanskeleg å få bemanningskabalen til å gå opp.

Framleis er vi midt i ein pandemi i Noreg, og det er eit stykke igjen til mål. Vi håpar at vi framover har ein kontrollerbar smittesituasjon i Bjørnafjorden. Dette inneber at vi alle må følgje reglane og råda frå regjeringa og FHI, og minna kvarandre på dette slik smittevernoverlegen og eg gjorde på pressekonferansen på onsdag.

Du reagerte på utsegna mitt om at «ein skal halda seg heime når ein ikkje er frisk, og at ingen har ein så viktig jobb at dei ikkje kan unnverast».

Med det meinte eg at alle no må unnverast når dei er sjuke, og kan smitta andre. Ingen tilsette med symptom skal kjenna på dårleg samvit for at dei følgjer smittevernreglane, og eg antar at du som styrar i ein barnehage er einig med meg i det. Eg vil retta ei stor takk til alle bjørnafjordingane som er lojale og tek smittevernreglane på alvor.

Eg vil gjenta mi tidlegare oppmoding om å halda avstand og at dei som kan og har moglegheit til å ha heimekontor, nyttar seg av den ordninga. Alle skjønar at heimekontor ikkje er mogleg i alle yrke og alltid til ei kvar tid. Oppmodinga går sjølvsagt til dei som har anledning.

Trine Lindborg

Ordførar