Solid økonomi: Os & Fusaposten har i heile perioden hatt ein svært solid økonomi, bygd opp over mange år før Odd Øie kom inn i biletet

Ingen krig, berre fakta

Odd Øie skriv 14. september at eg “går til krig mot aksjonærer i Os & Fusaposten”. Men å koma med faktaopplysningar er ikkje å gå til krig.

Innhaldet i innlegga medieinvestoren har hatt i det siste er på mange vis identisk med det han sa til Laila og meg i 2013 då han ville kjøpa aksjar i Os & Fusaposten.

Les også
Stabell - en angrende aksjonær

Då som no, banka hjarta hans for lokalpressa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mediemangfald og gode lokalaviser var viktige for lokalsamfunnet og demokratiet.

Lokalt forankra eigarskap og aktive og kunnskapsrike eigarar var vesentleg for å utvikla avisene vidare.

Og då som no, var han bekymra over utviklinga i avis-Noreg med stadig større makt til aviskonserna.

Noko heilt anna

Men ein ting er kva Odd Øie seier. Noko heilt anna er det han gjer.

No bruker han store pengar på å svekkja lokalt forankra eigarskap.

Han har ingen skruplar med å selja vidare til konsern.

Når Øie seier at det er viktig at dei som tek styreverv i lokalavisene representerer eigarane, meiner han at dei skal representera han, og ikkje dei andre aksjonærane.

Eg er ikkje aleine om å meina at det er viktig at eit styre også har lokal tilknyting. Det har ein verdi i seg sjølv for ei lokalavis.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men det er også heilt grunnleggjande at styret har medlemer som kan stilla kritiske spørsmål. Og som skjøner at dei faktisk er pålagde å følgja aksjelov og vedtekter.

No veit me betre

Odd Øie har rett i at Laila og eg angrar på at me selde så mange aksjar til han. Men den gongen trudde me på det han sa. I dag veit me betre.

Øie-familien kontrollerer no om lag 36 prosent av aksjane i Os & Fusaposten. Dei har ikkje fleirtal. Men dei opptrer som om dei har det.

Får dei kjøpt seg vidare opp, kan dei snart både endra vedtektene og tappa avisa for den betydelege eigenkapitalen avisa har, slik dei seinast gjorde i Budstikka. Og dette er faktisk ei avis Øie burde ha sterke kjensler for. Både fordi det er lokalavisa for heimkommunen hans og fordi han jobba der i mange år, først som distribusjonssjef og seinare som eigedomssjef.

Eigenkapital på 11,3 mill.

Då Laila og eg selde dei fleste av våre, aksjar hadde Os & Fusaposten ein eigenkaptal på vel 11,3 mill. kroner. Frå då av og fram til 2019, altså etter at Odd Øie kom inn i styret, tapte avisa vel 1,9 mill. kroner.

For all del: Det er mange grunnar til at avisene har slite med økonomien dei seinare åra. Nedgangen i annonseinntekter har vore dramatisk i heile bransjen.

Men slik Øie framstiller det, har han snudd avisa frå å vera eit underskotsforetak til å gå med overskot.

Sanninga er at avisa i heile denne perioden har hatt ein svært solid økonomi, bygd opp over mange år før Øie kom inn i biletet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein har hatt pengar på bok til å gjera dei investeringane alle visste måtte gjerast for å ta steget over i den digitale tidsalderen. Og ein gjorde det på rett tidspunkt. Det er t.d. først dei siste åra at det er kome brukande digitale betalingsløysingar.

Då me selde til Odd Øie, trudde eg at han hadde noko å tilføra reint avisfagleg. Han sit jo i styret i ei rekkje mediebedrifter. Men kva har han eigentleg bidratt til? Det er ikkje lett å få auga på.

Han er god på å ta æra for den innsatsen andre har gjort. (Og den er verkeleg imponerande i Os & Fusaposten!)

Spørsmål frå 16 aksjonærar

Men å påføra avisa utgifter har han vore ganske god til. Eitt eksempel: Sist sommar hyra det dåverande styret, med Elisabeth Netland og Odd Øie i spissen, inn eit advokatfirma i Oslo for å leia generalforsamlinga via skjerm. Ikkje mindre enn tre advokatar var i sving.

Styret nekta lenge å opplysa kva dette kosta. Men etter aksjeloven § 5-11 har aksjonærar rett til å få saker behandla på generalforsamlinga. Den retten nytta eg meg av, saman med 15 medaksjonærar.

Spørsmåla vart sende inn 4. juni i år. Me bad om skriftleg svar før sjølve årsmøtet 21. juni. Det fekk me ikkje. Først bortimot kl. 21.30, i eit møte som hadde vart sidan kl. 18, fekk me munnleg svar.

Men me fekk eit slags svar alt under vala, der Odd Øie gjorde nærast reint bord. Då vart Jan Birger Landøy, som var ein av medunderskrivarane, vraka som vararepresentant til valnemnda. Øie toler tydeleg nok ikkje folk som stiller kritiske spørsmål!

Og kva kosta Oslo-advokatane? 128.300 kroner! Tenk kor mykje god lokaljournalistikk ein kunne ha fått for dei pengane!

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
En avishistorie fra virkeligheten - svar på leserbrev fra Morten Holmefjord

Hulda Tronstad har heilt rett

“Eierskap i avis-Norge er viktig og har både lokal og nasjonal interesse. Desto viktigere er det at historiene som fortelles er riktig”, skreiv Hulda Tronstad i sitt innlegg 3. september.

Det er eg heilt samd i. Eg har her forsøkt å gje mitt vesle bidrag.

Christian Fr. Stabell