Benkeforslag: Med få unntak godtok ikkje Odd Øie nokon av valnemnda sine forslag, og kom med benkeforslag i eitt køyr.

Inntrykk frå årsmøtet i Os & Fusaposten

I Os & Fusaposten 24. august er den nye styreleiaren i lokalavisa presentert. Men det stod ingenting om korleis sjølve årsmøtet i Nore Neset aktivitetshus gjekk føre seg. Det var ei interessant forestilling.

Om ein vil sjå korleis pengemakta ter seg, burde ein ha vore på årsmøtet. Her stod det mellom lokalt eigarskap og storkapital.

Det skulle verta rått spel.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter at investor Odd Reidar Øie kjøpte 65 av Laila og Christian Stabell sine aksjar i Os & Fusaposten i 2014 (10,6 prosent av selskapet) og fekk inn Elisabeth Netland som styreleiar i 2015, har årsmøta stort sett vore eit drama.

Øie har siste året også gjort det han kan for å kjøpa opp det han kan av aksjar i lokalavisa. Finansieringa er nok ikkje noko problem. Gjennom selskapet sitt Amble Investment AS er han god for om lag ein halv milliard kroner.

Fleire «fekk fyken»

Etter at styreleiar Kristian Bruarøy, administrerande leiar Reidar Hystad og ansvarleg redaktør, Jostein Halland, hadde lagt fram gode tal trass i pandemien, var det tid for val.

Med få unntak godtok ikkje Øie nokon av valnemnda sine forslag, og kom med benkeforslag i eitt køyr.

Kristian Bruarøy «fekk fyken» etter berre eitt år som styreleiar, utan at det kom noka grunngjeving. Og slik gjekk det i eitt.

I forkant av ei av røystingane kom Gard Johanson (fullmektig for familien Lyssand) fram og meinte ein for husfredens skuld burde respektere valnemnda si innstilling. Øie repliserte at dette ikkje var noko årsmøte i Venstre, og at det var heilt naturleg at han som representerte 30 prosent av eigarinteressene, burde få sin taburett.

– Det er eierne som bestemmer, som han sa.

Dette med Venstre var litt interessant. Det har nemleg kome underteikna for øyra at før oppkjøpet av LL Inntrøndelagen – som var det eine av dei to eigarselskapa i Trønder-Avisa i Steinkjer – melde han sonen Vidar Øie Nilsen, sambuaren hans, broren Lars Øie og kona hans, i tillegg til naboar og gode vener i Bærum inn i Venstre for å få tak i aksjane. Å ha medlemskap i partiet var på den tid ein føresetnad for å vera aksjeeigar i LL Inntrøndelagen. Slik vart selskapet kjøpt opp, og etter ei tid selt vidare med god profitt til Amedia-konsernet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sjølv sit Øie i Bærum kommunestyre for Høgre.

Nederlag på nederlag

Dei frammøtte på årsmøtet på Nore Neset gjekk på nederlag etter nederlag. Hånlatteren sat laust, men då ein såg kor det gjekk, stilna den også.

– No er det ikkje morosamt lenger, som ei eldre dame sa det.

Grunna alle benkeforslaga frå Øie og eit uvanleg krøkkete opplegg for røysting, drog møtet ut til 21.30-tida.

Tidlegare styreleiar Elisabeth Netland og investoren smatt som dei første ut av lokalet kvar for seg med mapper under armen. Dei hadde fått det dei hadde kome for.

Det som no skjer, ser ikkje ut til å ha noko anna perspektiv enn å fylla opp Øie-familien sin konto. Om ein tykkjer det er ein nobel ting, kan ein ta det heile med knusande ro, og trøystig sjå storkapitalen sine «naturlover» utfalda seg.

Men slaget er enno ikkje er tapt for dei som meiner at lokalt eigarskap og lokalt engasjement er eit poeng for ei lokalavis.

Morten Holmefjord

Artikkelen held fram under annonsen.

som møtte som fullmektig for to av aksjeeigarane i Fusa