Ja, Fjellheim bør ha framtida for seg, men utan at nostalgien tar over av den grunn
Fjellheim kan utan tvil vera eit godt eigna hus til aktivitetar som vi i dag har i fleire av dei nye, moderne biblioteka.
Arild Hatland sitt innlegg i avisa om Fjellheim var morsom og interessant lesing, men bidrar neppe til å snu Frp, Høgre og KrF i synet på bevaring av Fjellheim.
Eg er vel ein typisk realist, både av natur, og for så vidt også av utdanning, og blir fort skeptisk når urealistiske og høgtflygande planar/vyer blir lanserte - enten det er på Kuventræ eller i dette tilfelle, med Fjellheim.
Artikkelen held fram under annonsen.
Innlegget fekk meg likevel til å kasta meg på tastaturet.
Dei par og 20 åra i hovudstyret i Os Turnforening og 16 av desse som leiar, bekrefta vel at den litt kjedelege «stein på stein»-filosofien som eg har mest tru på, svarer seg i lengda.
Kva har så dette med Fjellheim å gjera? Det gjeld bl.a. den tekniske tilstanden til bygget.
Vi i Bevar Fjellheim (BF) har gått grundig og systematisk til verks for å kartlegga den tekniske tilstanden til Fjellheim. Vi har utelukkande nytta fagfolk med lang erfaring i kartlegginga av tilstanden til Fjellheim.
Rapportar har vore sendt over til kommunen, men det verka som dette var meir til bry enn takksemd for arbeidet.
Teknisk tilstand
Vi bør sjølvsagt ta ein ny gjennomgang av Fjellheim, og kartlegga nødvendige utbetringar som er nødvendige for å ta bygget i bruk. Som tidlegare påpeika, fekk ikkje Rambøll dei rette opplysningane for å vurdera tilstanden til Fjellheim.
Dei største ombyggingane og utbetringane med bl.a. ny og moderne scene, vart utført i 1990-94, altså etter at kommunen hadde kjøpt bygget i slutten av 1989.
Dei to tilbygga var nødvendige for å få på plass til dei nye tekniske installasjonane og publikumstoalett.
Artikkelen held fram under annonsen.
Unik historie
Vi bør sjølvsagt ta vare på den unike historia til Fjellheim som starta i 1909 då Os Musikk- og Turnforening kjøpte tomten under bergknausen på Moberg av Hans Engjelsson Moberg.
Om Fjellheim blir framtidas rock 'n' roll redningsplanke er vel tvilsomt, men Fjellheim bør i alle fall rocka vidare på ein eller annan måte. Det kan til dømes bli det nye moderne og kanskje litt rockete biblioteket som er relevant for fleire brukargrupper enn i dag.
Fjellheim – eit moderne bibliotek
Leigeavtalen for biblioteket går ut om få år, og Fjellheim kan utan tvil vera eit godt eigna hus til aktivitetar som vi i dag har i fleire av dei nye, moderne biblioteka.
Kort forklart er modellen lagt opp med rom for: 1. Inspirasjon, 2. læring, 3. Møte og 4. Skapande aktivitetar.
Makerspace/folkeverkstad som vi kjenner frå Skaparstova på Øyro inngår som del i det fjerde, Skapande aktivitetar.
Norsk og internasjonal folkedans i små grupper (som vi i ungdomslaget driv med, kan også vera med).
Fjellheim har mange fleire rom og møteplassar enn storsalen og kjellarsalalen. Bygget er godt eigna til det som eit moderne bibliotek kan innehalda.
Både storsalen, kjellarsalen og scenen kan delast opp i mindre avdelingar med lettveggar slik at huset innimellom også kan husa små og store utstillingar, konserter osb, osb.
Artikkelen held fram under annonsen.
Tore Moberg