Blir stoppa kvar gong: Diskusjonane om å produsera mat på eigne ressursar, mangfaldig jordbrukslandskap, levande jordbruksbygder, meir fokus på arealbruk og mindre på volum blir resolutt stoppa kvar gong.

Jordbruket i Vestland - sin eigen verste fiende?

«Me må akseptera store strukturendringar, særleg nedst på skalaen». Ja, må me det? Vil me det?

Den 11. september var det eit digitalt møte i den såkalla Partnarskapen for jordbruket i Vestland fylke. Partnarskapen er samansett av representantar for Vestland fylke, fylkesmannen i Vestland, Innovasjon Norge, bondelaga i dei to tidlegare fylka, og tilsvarande dei to bonde- og småbrukarlaga i same tidlegare fylke.

Hovudtema på møtet var bruken av IBU-midlar (investerings- og bygdeutviklingsmidlar) som skal tilkoma jordbruket i Vestland som investeringshjelp. Med andre ord, eit relativt viktig møte der Vestland fylke kan, om dei vil, leggja føringar for utviklinga innan jordbruket og bygdene. Representanten for fylket, altså den politisk valde representanten, ville gjerne få i gang ein diskusjon om føringane for Innovasjon Norge om bruken av investeringsmidlar til jordbruket og bygdeutvikling i nye Vestland fylke. I skriv frå Vestland fylkeskommune til Innovasjon Norge datert 30.01.2020 står det: «Naturressursane i Vestland fylke skal nyttast på ein berekraftig måte til matproduksjon, arbeidsplassar, energi og opplevingar».

Artikkelen held fram under annonsen.

Innovasjon Norge var på si side tydelege på at møtet i størst mogleg grad skulle vera eit innspel- møte om prosentvis fordeling av IBU-midlar mellom dei ulike produksjonane.

Avslutningsvis under orienteringa vart det sagt frå Innovasjon Norge at «me prøver så godt me kan å imøtekoma dei som vil satsa».

Representanten frå Hordaland Bonde- og Småbrukarlag ville gjerne fylgja opp det den politisk valde representanten ytra ynske om, nemleg ein meir strategisk diskusjon omkring bruken av investeringsmidlane gjennom IBU/Innovasjon Norge. Det kunne her verka som om Vestland fylke er meir på linje med Hordaland Bonde- og Småbrukarlag om føringar for bruken av IBU- midlar, men det fekk me diverre ikkje avklara fordi innlegget frå Hordaland Bonde- og Småbrukarlag tydelegvis provoserte såpass at leiaren i Hordaland Bondelag var usamd i det meste. Denne ytringa kom deretter: «Me må akseptera store strukturendringar, særleg nedst på skalaen».

Kven som er nedst på skalaen veit me alle, det er dei minste gardane i areal og volumproduksjon.

Dette var gufset frå fortida, den gong underteikna var ung og ny bonde. I alle åra etterpå har dei «nedst på skalaen» betalt medlemskontingenten sin til ein jordbruksorganisasjon som meiner ei stor strukturendring innan jordbruket er på sin plass. «Færre, men sterkere» har vel eigentleg verka motsett. Finst det jordbrukskommunar i Vestland fylke idag som meiner at jordbruket samla står sterkare i dag enn for ein generasjon sidan? Kva meiner alle de bønder som står nedst på skalaen, og der mange gjerne har lagt ned aktiv jordbruksdrift?

Diskusjonane om å produsera mat på eigne ressursar, mangfaldig jordbrukslandskap, levande jordbruksbygder, meir fokus på arealbruk og mindre på volum blir resolutt stoppa kvar gong.

Eit berekraftig jordbruk blir sagt å spela kanskje ein av dei største rollene i framtidig arbeid for eit betre og mindre forureina miljø. Klimatrugsmåla heng over oss, og jordbruket skal vera aktiv medspelar for å dempa skadelege klimagassutslepp. Men som så ofte før, ser me at jordbruket er sin eigen verste fiende.

Kan nye Vestland fylkeskommune leva med jordbrukspolitiske synspunkt som var i ei anna tid? Hadde det ikkje vore på sin plass at Vestland fylke gjorde politiske vedtak om å styra jordbrukspolitikken i eige fylke? Alle jordbruksmiljø i fylket tener på det, også kommunane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Arne Lofthus

Politisk nestleiar

Hordaland Bonde- og Småbrukarlag