Toskaskap: Det hadde vore fint om denne toskeskapen kan gjerast om før «Kiss & Ride» blir den nye normalen utanfor andre skular

Kiss & Ride og litt Sale

Her skulle det sjølvsagt ha stått «Kyss & Køyr», eventuelt «Klem & Køyr» dersom «Kyss» er for kraftig kost.

Dette er berre ei lita meiningsytring om noko som er bagatellar samanlikna med det som skjer elles i verda, men det er no ein gong slik at tankane flyg så vide omkring uansett.

På Hjelle i Os, ved foten av det heilnorske fjellet Borgafjellet, ligg den nye og flotte Borgafjellet barneskule.

Artikkelen held fram under annonsen.

Skulen ligg på ei flate der det tidlegare var god, norsk matjord. Før byggjestart vart det gjort arkeologiske utgravingar for å finna spor frå livet til tidlegare sambygdingar. Eit lite stykke Norge med andre ord. Før, no og i framtida. Får vi håpa og tru.

Ein dag eg køyrde inn Hegglandsdalsvegen, såg eg i sidesynet at det var måla «Kiss & Ride» med store, kvite bokstavar på den asfalterte plassen framfor skulen. Eg rista på hovudet og køyrde vidare. Kunne likevel ikkje fri meg frå tanken om at dette måtte vera eit like tåpeleg og jålete påfunn som det er å skriva «Sale» når ein meiner sal/salg.

Eg kan skjøna at det står «Kiss & Ride» der ein tek farvel med sine kjære på internasjonale flyplassar, eller til dømes utanfor London School of Economics and Political Science, Boston University, International School of Bergen og liknande. Men Borgafjellet Barneskule!

I tillegg er det vel ikkje heilt naturleg at nokre av dei første orda borna møter på veg inn i skulebygget, er engelske. Her skulle det sjølvsagt ha stått «Kyss & Køyr», eventuelt «Klem & Køyr» dersom «Kyss» er for kraftig kost.

Kanskje ein òg burde ha konsultert ein jurist vedrørande § 5 i «Lov om vegtrafikk»?

Eg vil tru det er arkitekten som har namngjeve dette av- og påstigningsfeltet på skissene sine. Det hadde vore fint om denne toskeskapen kan gjerast om før «Kiss & Ride» blir den nye normalen utanfor andre skular, eller andre stader i kommunen. Er de ikkje einige, ordførar, skuleeigar, rektor og pedagogar?

Vi veit alle at engelske ord og uttrykk breier om seg, men det offentlege skal ikkje hjelpa til. Det går tydeleg fram av den nye språklova frå 1. januar 2022. Utdrag frå § 1: «Føremålet med lova er å styrkje norsk språk, slik at det blir sikra som eit samfunnsberande språk som skal kunne nyttast på alle samfunnsområde og i alle delar av samfunnslivet i Noreg».

§9 lyder slik: «Klart språk. Offentlege organ skal kommunisere på eit språk som er klart, korrekt og tilpassa målgruppa».

Artikkelen held fram under annonsen.

Det ligg eit særleg ansvar på utdanningsinstitusjonane og andre offentlege etatar når det gjeld å følgja opp føremålet med den nye språklova. Kanskje butikkane òg etter kvart kan ta til vitet og slutta med sine fjollete «Sale»? Det hadde vore kjekt!

Knut Storheim