Andre rusmiddel: Vi veit at fleire ungdommar i Bjørnafjorden har prøvd eller vurderer å prøva andre rusmiddel enn alkohol.

Kjære foreldre, engasjer dykk!

Bjørnafjorden kommune treng foreldre som snakkar med ungdommen om alkohol, og som tør å setja tydelege grenser.

Våren 2020 har vore annleis. Covid-19-pandemien og smittevernrestriksjonane har ført til store endringar i kvardagen til ungdommane våre. Vanlege skuledagar med undervisning, friminutt og sosial kontakt med jamaldringar har i åtte lange veker vore erstatta av heimeskule,

Google meet-møte, og lunsj med mor eller far på heimekontor. I staden for å vera opptekne med dei vanlege fritidsaktivitetane, har dei unge sett på seriar, spelt dataspel og kanskje gått ein og annan tur med foreldre og søsken. Helgeturar og turneringar blei avlyste over natta. Koronalivet har vore monotont og kjedeleg for mange, og dei unge har vore spesielt hardt ramma.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein annleis sommar

Ein annleis vår skal no bli følgd av ein annleis sommar. Smittevernrestriksjonane er ikkje like strenge lenger, men sommaren 2020 vil likevel i stor grad vere prega av smittefaren: Ingen utanlandsferiar, ingen korpsturar eller fotballturneringar, færre klemmar og ein stadig redsel for at smittetala skal begynna å stiga igjen.

Det er tøft for mange av oss, men ekstra tøft for ungdommen. Mange unge fortel om einsemd og psykiske utfordringar. Til dømes viser ei undersøking som Opinion har gjort for Røde Kors, ein auke frå 22 til 45 prosent i opplevd einsemd i aldersgruppa 16 til 23 år for månadene april og mai.

Du er viktig

Foreldrerolla er ekstra viktig no, og sjølv om det er herleg at du og ungdommen din endeleg kan leva litt separate liv igjen og ikkje treng å gå oppå kvarandre døgnet rundt, er det viktigare enn nokon gong at du engasjerer deg.

Snakk med ungdommane om korleis det er å vera ung no som dei fremste kjenneteikna på ungdomstida – fridom, mykje vennekontakt og travle dagar med trening og aktivitetar – er endra på grunn av koronaviruset og smittevernomsyn. Snakk med dei om psykisk helse og rusbruk, og hjelp dei med å laga vennetreff og arrangement, slik at dei kan møtast utan å bryta smittevernreglane. Og tør å setja grenser for utetider og alkoholbruk, sjølv om du av heile ditt hjarte unner dei å vera saman med andre enn deg og kjernefamilien.

Festar

Mange stader har oppmjukinga av smittevernreglane ført til at ungdommar samlar seg for å drikka og festa. Politiet fortel om mindreårige festdeltakarar, høg promille og farlege situasjonar. Vi veit også at fleire ungdommar i kommunen vår har prøvd eller vurderer å prøva andre rusmiddel enn alkohol. Dette skjer også i Bjørnafjorden kommune.

Det er alltid alvorleg når ungdom under 18 år drikk alkohol. Vurderingsevna blir dårlegare, og det blir lettare å utsetja seg sjølv og andre for unødig risiko. Når ein er påverka av alkohol, er ein meir utsett for ulykker, og det er større risiko for at ein har sex som ein angrar på.

I år er det ein ny risikofaktor på ungdomsfestane: Koronaviruset. Alkohol kan gjera at ungdommane mister hemningar. Det er lettare å gløyma etablerte smittevernreglar som handvask og avstand til andre. I tillegg aukar risikoen for åtferd som er direkte smittefremjande, som tett kroppskontakt og drikking av same flaske.

Bjørnafjorden kommune treng foreldre som snakkar med ungdommen om alkohol, og som tør å setja tydelege grenser. Alkoholvettorganisasjonen AV-OG-TIL har utvikla nokre råd for tenåringsforeldre.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dette kan du som forelder gjera:

• Snakk med ungdommen din om samanhengen mellom festar, menneskemengder og smittespreiing.

• Set tydelege grenser både for alkoholbruk og sosiale samankomstar. Forsking viser at i familiar med klare reglar for bruk av alkohol drikk tenåringen mindre og meir forsiktig enn jamaldringane.

• Tilby deg å køyra og henta når ungdommen din skal på fest, slik at du veit kvar han eller ho er, og kven han eller ho er saman med.

• Hjelp ungdommen din til å finne «unnskyldningar» som ungdommen din kan bruka til å stå imot press.

• Snakk med andre foreldre og bli einige om felles reglar. Ver på tilbodssida og bidra til aktivitetar som ivaretek smittevernomsyn, samtidig som dei engasjerer ungdommen.

Denne sommaren blir annleis enn vi hadde sett for oss. Gjer ditt for at han likevel blir så trygg og god som mogleg, både for deg og tenåringen din.

Anne Solberg Andersson

Artikkelen held fram under annonsen.

Ungdomskonsulent Bjørnafjorden kommune

Elin Tuft

SLT-koordinator Bjørnafjorden kommune

Anne Lyssand

Politikontakt, Bjørnafjorden lensmannskontor

Anders Opsal

Politikontakt, Fusa lensmannskontor

Lesarinnlegget er laga i samarbeid med alkoholvettorganisasjonen Av-og-til.

Artikkelen held fram under annonsen.