Uforeinleg: Jan Gaassand meiner planane om Osporten vil skapa aktivitet og trafikk som er uforeinleg med Os vgs sitt behov.

Kolskogen er eit industriområde

La Kolskogen også i framtida vera eit industriområde.

På Os vidaregående skule er det landsliner for anleggsmaskinfag og yrkessjåførfag. Dette inneber øvingskøyring med store anleggsmaskiner, lastebil, buss og vogntog. Dette krev store nok areal til sikker øving.

Då Kyrkje- og undervisningsdepartementet på slutten av 70 åra vedtok å plassera desse landslinene på Os yrkesskule, var det i tillit til at dåverande Os kommune stilte naudsynt areal til disposisjon, også med tanke på framtidig ekspansjon. Kolskogen industriområde var på den tida eit jomfrueleg industriområde.

Artikkelen held fram under annonsen.

Som faginspektør i KUD var eg med i planlegginga av skulen. Frå fagleg hald ønskte vi arealet heilt til Industrivegen. Men Fylkesbyggesjefen i Hordaland sa nei.

I dag ser vi konsekvensen av dette. Os vgs er så pressa på areal at meir av øvingskøyringa må føregå på offentleg veg.

På det området ein ønskte, er det no plan om eit bygg med kommersiell verksemd som handel, restaurant og anna. Dette vil skapa aktivitet og trafikk som er uforeineleg med Os vgs sitt behov.

Les også
Dette seier McDonalds om etablering av restaurant på Os
Les også
Har lansert Osporten - Apotek1 og Rema 1000 har alt inngått leigekontrakt

Med ein slik blanda trafikk kan det lett oppstå farlege trafikale situasjonar, noko som kan leggja band på Os vgs sine aktivitetar.

La Kolskogen industriområde også i framtida vera eit industriområde.

Jan Gaassand