Felles kommune: Det var stor semje på begge sider av fjorden at ein måtte dra i lag for å byggja ein ny felles kommune.

Korleis skapa ein røyndom som passar med det ein vil? Eit lærestykke

Framstår som ein villa politikk at kommunal aktivitet i Eikelandsosen skal ned.

I mitt førre innlegg om biblioteket var det diverre ein alvorleg feil. Eg synest eg tok godt i då eg nemnde at bibliotekbudsjettet skulle kuttast med 30%. Det var diverre feil. Det skal kuttast med 49,2%

Les også
Kommunetunet og biblioteket: Har ei ideell plassering

Eg ser at kommunedirektøren meiner at biblioteket er det tenesteområdet i kommunen som har utvikla seg minst. Då må sjølvsagt medisinen vera å kutta 49% av budsjettet, slik at ein verkeleg kan utvikla tenestene.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eg trur ikkje kommunedirektøren har hatt mykje med bibliotek å gjera, ikkje i tidlegare i tider og i alle fall ikkje slik biblioteka vert drivne i dag. Men det kan vera at han har funne ein ny måte å utvikla kommunale tenester på. Kuttar ein alle tenester med 50%, har ein løyst budsjettproblemet og ein kan utvikla gode tenester.

Det ser ut til at det er innbakt i budsjettet at Kommunetunet skal seljast. Argument om kvifor, er mangelvare. Men ein må gå ut frå at om ein sel det, så er hovudargumentet at ein ikkje har bruk for det lenger. Bak dette høyrer ein omen av at det ikkje er aktivitet nok i Kommunetunet.

Det er her ein tilpassa røyndomen kjem inn.

Kommunetunet er i dag fullt i fløyen mot Fusa vidaregåande. Fløyen mot Fjorden senter har ledige kontor. Det har sine grunnar.

Kyrkjekontoret leiger areal i Fjorden senter. Det er tilrettelagt for at kyrkjekontoret kan flytta ned på Kommunetunet. Kyrkjekontoret var involvert i dette og var innstilt på å flytta. Så på ein femøring tidleg i haust, var det kontramelding: på grunn av budsjettet var flyttinga avlyst.

Areal til kyrkjekontoret i Fjorden senter må ein leiga, arealet i Kommunetunet eig kommunen. Kvar er innsparinga?

Med å redusera bibliotekbudsjettet med 50%, har ein gjort det nærmast umogleg å halda på biblioteket i Eikelandsosen. Utan bibliotek og med ledige areal, har ein skapt ein røyndom der det ikkje er bruk for Kommunetunet. Difor kan det seljast.

Det vert også brukt andre metodar for at ikkje det skal vera attraktivt å ha kontor i Kommunetunet:

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er tilsette som har lyst til å ha arbeidsplass i Eikelandsosen som skal ha blitt «tvinga» til å ha arbeidsplass på Os.

Det er folk som skal ha blitt tilbydd jobb og som ynskjer å ha arbeidsplassen sin i Eikelandsosen, som ikkje tek jobben fordi dei må ha arbeidsplassen sin på Os.

Eg kan ikkje anna enn å forstå døma eg har nemnt som at det er ein villa politikk at kommunal aktivitet i Eikelandsosen skal ned, og at ein som ein konsekvens kan sikra seg nokre fattige millionar på sal av Kommunetunet.

Kommunedirektøren har kalkulert med ei samla inntekt i 2025 på kr 2.489.375.000. Eg kan ikkje sjå at inntekt på sal av Kommunetunet på 6-8 millionar vil gjera den store forskjellen.

I samtalane og diskusjonane rundt kommunesamanslåinga var det stor semje på begge sider av fjorden at ein måtte dra i lag for å byggja ein ny felles kommune. Eikelandsosen var tiltenkt rolla som kommunedelsenter med eit tilbod av kommunale tenester.

Det verste med dei døma eg har vist ovafor er at både politikarane og administrasjonen i Bjørnafjorden gjev heile intensjonen om Eikelandsosen som kommunedelsenter på båten. Det er langt frå ein god strategi for å skapa ein felles kommune.

Endå verre er det at det vert gjort meir eller mindre i skjul og utan å flagga at det er faktisk det dei gjer.

Terje Raunsgard