Kven har ansvaret for veglysa her?

Ja vel? Skal ikkje vera lettvindt, veit du.

18. oktober sende eg ei melding til Strøyma om at det mangla ei rekkje med veglys i Bergegrend.

21.oktober fekk eg svar at kraftlaget ikkje lenger er korrekt mottakar for slike meldingar då veglys vert handtert av EVINY. Greitt nok.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eg sende ei ny melding og spurde om dei hadde vidaresendt meldinga mi til rette mottakar. Tenkte det måtte vera ei lettvindt sak sidan dei visste kven som hadde ansvaret.

Fekk svar at dei ikkje hadde gjort meir med saka, så dette måtte rapporterast direkte frå meg til EVINY sine nettsider.

Eg fann nettsida til EVINY og sende meldinga om mørke veglys til dei.

Fekk svar med det same. Dei skreiv: EVINY har ikkje driftsavtale i Bjørnafjorden kommune. Dette må meldast direkte til Veg og veglys Bjørnafjorden kommune

På kommunen sine sider står det at feil på veglys på fylkes- og riksvegar må meldast til Statens vegvesen.

Eg prøvde det òg, men på Statens vegvesen sine sider står det: Mørke veglys kontakt EVINY.

Ja vel? Skal ikkje vera lettvindt, veit du.

Asbjørn Rosnes