Aksjonær: Odd Øie og familien er aksjonærar i begge dei to store mediekonserna Øie er så bekymra for.

Kvifor vil dei kvela debatten?

Det blir ikkje truverdig når tiande største aksjonæren i Polaris åtvarar mot aviskonserna.

I ordskiftet etter Morten Holmefjords innlegg 31. august om årsmøtet i Os og Fusaposten AS har det kome seks innlegg på trykk og på nett . To av dei forfatta av Odd Øie, eitt av Hulda Tronstad og to av meg.

I siste innlegget skriv Odd Øie at han “anser debatten om dette temaet for avsluttet”. Og styret i avisa skriv: No er det nok, Christian Stabell.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
No er det nok, Christian Stabell - til det beste for Os & Fusaposten
Les også
Stabell - en angrende aksjonær

Ubehagelege spørsmål

Dei ynskjer altså å kvela debatten når spørsmåla tek til å bli litt ubehagelege.

Odd Øie framstiller seg som ein slags idealist som har gjort ein kjempeinnsats for mediemangfaldet i Noreg. Han har snudd underskot til overskot. Om han har tent pengar her i livet, så er det på heilt andre ting enn aviser. Og han er “oppriktig bekymret utviklingen i avis-Norge der det snart er bare to aktører igjen på banen”.

45,7 mill. kroner i Polaris-aksjar

For å ta det siste først: Odd Øie er gjennom Amble Investment AS tiande største aksjonær i Polaris Media AS. Ved utgangen av 2020 hadde han og familien 564.475 aksjar i konsernet.

Etter dagens aksjekurs (kr 81) er desse aksjane verd 45,7 mill. kroner.

Øie har kjøpt fleire aksjar i år: 20.000, ifølgje årsmeldinga til Polaris.

Kvifor har Øie selt til konserna?

Øie er altså stor på eigarsida i Polaris. Samtidig har han selt aksjar for millionar til Schibsted-konsernet og til Amedia.

I si tid selde han aksjane sine i Stavanger Aftenblad til Schibsted for 84 mill. kroner, med ein svært høg nettogevinst.

Eg har tidlegare omtalt framstøyten hans mot LL Inntrøndelagen, der han fekk meldt inn familie og vener i Venstre for å få kontroll. Det selskapet vart selt til Amedia-konsernet med ein nettogevinst på minst 10 mill.

Artikkelen held fram under annonsen.

Selde avisa, ikkje eigedomane

Det ferskaste eksempelet er Asker og Bærums Budstikke. Avisa vart i fjor seld for 130 mill. kroner til Amedia. For det kunne Øie & co innkassera ca. 27 mill. kroner. Dei eig nemleg 20 prosent av selskapet som gav ut Budstikka, som avisa no heiter.

Men nettogevinsten vart mykje større enn det. For det var berre sjølve avisa som vart seld. Aksjonærane i selskapet sat att med eigedomar, underselskap og andre verdiar på 130 mill. kroner – m.a. ein aksjepost i Polaris til 50 mill.

Kontroll i styret igjen

Etter at Odd Øie fekk kasta Kristian Bruarøy som styreleiar på siste årsmøte i Os & Fusaposten, har han igjen kontroll over styret. Det viser innlegget som dei fem styremedlemene Jan Morten Drange, Vidar Øie Nilsen, Reidar Hystad, Egil Haugland og Karen Helland Velure hadde på trykk 14. september. Her vart det understreka kor mykje godt Øie har gjort for avisa og for avismangfaldet i Noreg.

Men stemmer det dei påstår? Om ein ser nærare etter, er det ei ganske anna historie som dukkar opp.

Christian Fr. Stabell