Paris-avtalen: Det som er sikkert, er at det såkalla grøne skiftet, Paris-avtalen, Acer og EØS-avtalen er viktige grunnar til den dyrtida me opplever. Foto: Camilla Kvamme

Lat bodbilsjåføren få smilet tilbake

Er det rart at smilet er borte ?

Lat bodbilsjåføren få smilet tilbake. Ja, det sa Tande P på NRK radio. Bakgrunnen for uttalen er dei auka problema vanlege folk opplever som følgje av den dyre tida me er på full fart inn i.

• Bensin og diesel som nærmar seg 30 pr liter

• Straumpris på 3-4 kroner pr kwh

• Renteauke med 0,5% i denne omgang

• Auka matprisar (utan at det kjem bonden til gode)

Dette er kvardagen som bodbilsjåføren og alle andre med vanlege inntekter opplever i dagens Norge. Er det rart at smilet er borte ?

Artikkelen held fram under annonsen.

Kvifor er det slik?

Årsaka er sjølvsagt samansett. Det som er sikkert, er at det såkalla grøne skiftet, Paris-avtalen, Acer og EØS-avtalen er viktige grunnar til den dyrtida me opplever.

Alle partia på Stortinget har skrive under på Paris-avtalen. Ingen av partia på Stortinget tek avstand frå det grøne skifte. Dei fleste vil framleis vera Acer-medlem og behalda EØS-avtalen. Det ingen av dei nemner, er at Norge gjennomførte sitt grøne skifte for 100 år sidan når kull blei erstatta av vasskraft. Det betyr at alle stortingspartia er medansvarlege for at bodbilsjåføren og andre strevar med å få privatøkonomien til å gå rundt.

Nye parti og politikarar

Regjeringa Solberg tapte valet i fjor og gjekk av. Solberg si regjering var, når jo gjekk av (ved sida av Bondevik II-regjeringa) den mest upopulære regjeringa landet vårt har hatt i nyare tid. No opplever dei som i fjor røysta på dagens regjeringsparti, at dagens regjering på viktige område fører same politikk som regjeringa Solberg. Difor peika pila ned for dagens regjering. Det underlege er at mange ser ut til å ha gløymt Solberg-regjeringa sin upopulære politikk når dei no sluttar opp om partia i den regjeringa.

Når media offentleggjer meiningsmålingar, er det ofte ei søyle som heiter «Andre» Det er partia som i dag ikkje er representerte på Stortinget. Kvifor vil ikkje media gjera offentleg oppslutninga dei ulike parti har? Kvifor slepp ikkje desse partia til i debattar på NRK og i andre media? Kva er media redd for?

Kva kan me gjera med dette ?

Ved valet neste år og i 2025 må bodbilsjåføren og alle andre som ønskjer ein alternativ politikk. Ein politikk som fører til at

• Folk kan leva eit godt liv med den inntekta dei har

Artikkelen held fram under annonsen.

• At barn slepp å veksa opp i familiar med låg inntekt

• At menneske som treng det offentlege si hjelp for å ha eit godt liv, får den hjelpa dei treng.

Stem på parti utanfor Stortinget. Mi anbefaling er Partiet De Kristne (PDK).

Magne Djuvik

Kommunestyremedlem Bjørnafjorden

Leiar PDK Bjørnafjorden

Artikkelen held fram under annonsen.

Styremedlem PDK Vestland