Politisk leiing i Os kommune har inga støtte eller ryggdekning frå oss i KrF i denne saka. La det vera klart.
Politisk leiing i Os kommune har inga støtte eller ryggdekning frå oss i KrF i denne saka. La det vera klart.

Lesarbrev: Det er nok no

Det er skuffande at den politisk leiinga i Os kommune til slutt pressa fram Aina Tjosås sin avgang, heller enn å rydde opp i ukultur i eigne rekker, skriv Jakob Enerhaug i KrF.

Eg jobbar i det største selskapet i Norge. Der blir måten vi oppnår resultat på sett på som like viktig som sjølve resultata vi oppnår. Det er ikkje lenger slik at «hensikten helliger middelet». Det er ein avleggs og utdatert måte å jage gode resultat på. Og godt er det.

Slik er det ikkje i Os-politikken. Tvert imot vil eg seie. Gjennom oppslag i media om det som har skjedd i og rundt Plan- og bygningsutvalet (PBU) har vi fått innsyn i ein skuffande ukultur hos posisjonspartia Frp og Høgre. Dette samsvarer med mi eiga erfaring etter snart fire år som gruppeleiar for KrF.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eg vil gje støtte og honnør til Nils-Anders Nøttseter (MDG) som gjennom intervju og lesarinnlegg har etterlyst ærlegheit og openheit og som har kritisert den politisk leiinga i Os kommune. Det er modig gjort av Nøttseter å fronte dette.

Slik eg ser det er det svært bra at Bergens Tidende og Os & Fusaposten har gått inn i denne saksmaterien. Det er på høg tid at dette kjem fram i lyset og ut i det opne rom.

Problemet er ikkje at det omstridde brevet frå Frp og Høgre no er delt offentleg. Problemet er haldningar og ukultur frå politisk leiing i Os som blir synleggjort gjennom brevet og i avisartiklar.

Det er skuffande at den politisk leiinga i Os kommune til slutt pressa fram Aina Tjosås sin avgang, heller enn å rydde opp i ukultur i eigne rekker. Aina Tjosås var ein dyktig og fagleg sterk kommunalsjef med godt skotsmål, og som eg, Tryggve Lillestøl og Sigrid Aanestad Bakke som KrF-politikarar har hatt stor tillit til. Politisk leiing i Os kommune har inga støtte eller ryggdekning frå oss i KrF i denne saka. La det vera klart.

Det er nok no, Frp og Høgre. De representerer ein ukultur i Os som er avleggs og utdatert og som vi i KrF tek avstand frå. Tillit tek lang tid å bygge opp, men den er rask å rive ned. Min tillit til Frp og Høgre i Os er desverre sterkt svekka. For meg er det viktig også kva måte ein oppnår resultat på. Det hjelper ikkje å påberopa seg all verdas god politikk dersom metodane som vert nytta for å få gjennomslag for politikken, er ufine og uryddige.

Det er nok no.

Jakob Enerhaug

Gruppeleiar

KrF