I Os har Frp og Høgre i 20 år vist kva eit stabilt og styringsdyktig fleirtal kan skapa av resultat. Tenestene er gode, nye tilbod er etablert, kommunen er i vekst og økonomien er bunnsolid, utan ei krone i eigedomsskatt.

Lesarbrev: Eit ordførar- og styringsval

Os og Fusa går inn i ein krevjande periode. To skal bli til ein, og vi skal skapa ein framtidsretta, moderne og slagkraftig kommune. Det krev god politisk leiing og styring frå dag èin.

I Os har Frp og Høgre i 20 år vist kva eit stabilt og styringsdyktig fleirtal kan skapa av resultat. Tenestene er gode, nye tilbod er etablert, kommunen er i vekst og økonomien er bunnsolid, utan ei krone i eigedomsskatt.

I år vart kommunen rangert som nr. 6 på Kommunebarometeret, og var klårt best av hordalandskommunane. Dei siste åra har vi hatt eit udisponert overskot på om lag 50 mill kroner, og p.t. har ein opparbeidd fond på ca 600 mill kroner. Dette kjem ikkje av seg sjølv. Det krev god leiing, gode strategiske vegval og godt samarbeid mellom politikk, administrasjon og tillitsvalde. Eit fast politisk fleirtal med Frp/H har gjeve føreseielege rammer for utviklinga av kommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vi vonar at de veljarar også ynskjer stabil og handlekraftig styring i nye Bjørnafjorden kommune. Det krev eit tydeleg politisk fleirtal i det nye kommunestyret, og ei politisk leiing med erfaring og kompetanse. Skal for mange parti, med ulik politisk ståstad, samarbeida vert retninga fort utydeleg.

I Frp er vi no klår til å skapa vekst og utvikling i HEILE Bjørnafjorden kommune. Utgangspunktet er godt både i Os og Fusa, men som i alle andre samanhengar, er resultata for den nye kommunen personavhengig. Vi treng dyktige topp- og mellomleiarar i administrasjonen, gode tillitsvalde og myndiggjorte og kompetente medarbeidarar i alle ledd. Alt dette har vi på plass i den nye organisasjonsstrukturen for Bjørnafjorden kommune.

Men vi treng òg eit stabilt politisk fleirtal, og ei politisk leiing med erfaring, kompetanse og nettverk. Terje Søviknes har gjennom 20 år som ordførar i Os allereie vist solid leiarskap, og resultata er synleg rundt i heile kommunen. Terje og Frps motto har vore HANDLEKRAFT. Alle er sjølvsagt ikkje like nøgde med alt som har vore gjort gjennom 20 år, men i sum er resultata strålande.

Vi håpar du vil støtta Terje Søviknes som ordførar også i Bjørnafjorden kommune. Då må du stemma Frp lokalt. Det er partistemmene som tel, og ei personstemme er diverre ikkje nok.

Stem trygt i år. Stem Frp og Søviknes lokalt!

Godt val 9.september!

PS! Husk at førehandsrøystinga allereie er i gang på rådhusa.

Espen Aspenes

3.kandidat

Artikkelen held fram under annonsen.

Bjørnafjorden Frp

jostein@osogfusa.no