Det er ei skam at det ikkje blei bygd kjøkken på Luranetunet, og ekstrakostnadane med ombygging/påbygg må vi dessverre alle saman no ta. For Bjørnafjorden Ap har kjøkken på Lurane vore ei kampsak i fleire år og vi gjev oss ikkje før det er realisert!
Det er ei skam at det ikkje blei bygd kjøkken på Luranetunet, og ekstrakostnadane med ombygging/påbygg må vi dessverre alle saman no ta. For Bjørnafjorden Ap har kjøkken på Lurane vore ei kampsak i fleire år og vi gjev oss ikkje før det er realisert!

Lesarbrev: Eldreomsorg handlar om tryggleik og heilskap

Kva er eldreomsorg? Det kan nok vera individuelle svar på det spørsmålet, - svara kan avhenga av mange forhold som alder, bustad, diagnose, hjelpebehov, familieforhold og personleg økonomi. Men for dei aller aller fleste er svaret tryggleik, rettferd og heilskap!

Tryggleik for at vi som sjuke, eldre og pårørande får den hjelpa vi treng - når vi treng det! Og ikkje minst at nokon ser heile biletet med omsyn til hjelpebehov, bustad og pårørande. Erfaringa og tilbakemeldingane er ofte at mange pårørande tar ein svært stor del av omsorga lenge, utan å be om eller å få nok hjelp. Mange eldre føler dessverre også sorg over å vera til «bry» og vil derfor skjula hjelpebehova sine lengst mogleg.

Heimetenesta er dei som er i kontakt med flest brukarar. Det er gode tilbakemeldingar på demensarbeidslaga som er etablerte. Dette er svært gledeleg og viser kor viktig det er at brukarane får færre pleiarar å forholda seg til. Bjørnafjorden Ap meiner dette er eit særs godt argument for å satsa på heile, faste stillingar innan pleie og omsorg. På denne måten vil ein få pleiarar i hus som kjenner deg og dine behov. Kor vil du ha kaffikoppen og avisa di plassert, og kva TV eller radiokanal vil du at skal stå på? Dei kan lettare oppdaga endringar i helsetilstanden når dei er der jamleg. Dette skapar tryggleik, ro og heilskap for brukar, pårørande og tilsette.

Artikkelen held fram under annonsen.

Velferdsteknologi er spanande, og ny teknologi og nye måtar å jobba på er ein del av framtida vår. Men for å kunna utnytta teknologiløysingane må vi ha nok tilsette til å læra opp brukarane, og ikkje minst nok fysioterapeutar og ergoterapeutar til å setja brukarane i stand til å utnytta teknologien slik at dei kan bu lengre heime, eller i ny, tilpassa bustad. Alt heng saman med alt!

Ein kjem ikkje utanom mat og ernæring når ein snakkar om god eldreomsorg. Rett, frisk og tilpassa mat laga av fagfolk må vera ei sjølvfølgje i Bjørnafjorden kommune. Det er ei skam at det ikkje blei bygd kjøkken på Luranetunet, og ekstrakostnadane med ombygging/påbygg må vi dessverre alle saman no ta. For Bjørnafjorden Ap har kjøkken på Lurane vore ei kampsak i fleire år og vi gjev oss ikkje før det er realisert! Det er gledeleg at også Frp og Høgre ved inngangen til valåret 2019 no vil starta utgreiingsprosjekt. For Bjørnafjorden Ap er det også særs viktig at matproduksjonen ved Fusa bu- og behandlingssenter må halda fram slik som i dag.

God eldreomsorg og seniorpolitikk handlar også om alle dei friske eldre. Ein må ikkje gløyma kor viktig det er med gode og trygge møteplassar og aktivitetar. Bjørnafjorden Ap heiar på gode tiltak og den fantastiske innsatsen mange frivillige lag og organisasjonar gjer kvar dag. Styrking av sosiale arenaar og tiltak mot einsemd og utryggleik er god folkehelse og god eldreomsorg.

Når vi no går inn i ein valkamp, blir det ofte slik at den eine overbyr den andre, enten på gode løysingar eller på kritikk mot sine meiningsmotstandarar. Slik er politikken og engasjementet, alle meiner at dei har dei beste svara for kommunen vår.

Men god eldreomsorg handlar til slutt om tryggleik, rettferd og heilskap, ikkje sant?

Difor vil vi i Bjørnafjorden Ap snakka om vår eigen politikk og vårt eige valprogram som mellom anna fokuserar på:

• JA til kjøkken på Lurane.

• JA til heile faste stillingar.

Artikkelen held fram under annonsen.

• JA til å etablera «spisevenn-ordning» kor frivillige et middag med heimebuande eldre ein dag eller fleire i veka.

• JA til at heimetenestene skal organiserast slik at brukarane får færrast mogleg pleiarar å forhalda seg til.

• JA til å betra dagtilbodet til unge demente.

• JA til fleire aktivitetar og miljøtiltak tilpassa menn.

• JA til at Helsetunet på Baldersheim og Eikhovdaheimen skal bestå.

• JA til auka fokus på tannhelse, syn og høyrsel i eldreomsorga.

• JA til at alle som ønskjer det skal ha eit dagtilbod.

• JA til at pleie og omsorg skal vera i kommunal regi og NEI til privatisering.

Artikkelen held fram under annonsen.

• JA til fleire lærlingar!

Trine Lindborg

Ordførarkandidat

Bjørnafjorden Arbeidarparti